Panoramatur til Utsikten (1485 moh)

torsdag 17.07 kl. 09.45
DSC 9484 Mix John Arvid Johnsen Vinjerock 2018 Camp (Utsikten)

Panoramatur til Utsikten (1485 moh.)

Treng du eit avbrekk frå festivallivet? Bli med DNT ung på panoramatur til Utsikten! Dette er ein mellomlang tur som – med litt vêrflaks – kan by på ei utruleg panoramautsikt over Jotunheimen. Turen til Utsikten følgjer DNT-stien mot Yksendalsbu eit stykke, før mei tek til høgre ved stikrysset og går opp mot toppen. Som gruppe kan me òg velje å gå vidare til det høgaste punktet på fjellryggen, Skjenegge, som ruvar 1607 moh.

Turen inneheld ingen utsette parti, og det einaste som kan kjennast litt luftig er toppen sjølv. Deler av turen går i ur og ulendt terreng, og me må rekne med å passere nokre snøfonner mot toppen. Det kan difor vere lurt å ha på gode og solide fjellsko.

Ting panoramatur til Utsikten

Tid: 

  • Torsdag 09:45- 14:00 

Praktisk info om turen:

  • Oppmøte ved turinfoen kl. 09:45. Me går frå festivalområdet kl. 10:00.
  • Turen tek om lag 3–4 timar med gangfart på rundt 3 km/t. Tidsbruk kan variere etter vêr og gruppa sin dagsform.
  • Sei frå til turleiaren dersom du har behov for tilpassingar undervegs.
  • Tal på plassar: 12

Pris: 100 kr

Personleg utstyr:

  • Stor og god nistepakke
  • Stor vassflaske
  • Gode sko
  • Varme klede (vind- og vasstett skalljakke, hue, vottar, buff, ullundertøy og ullsokkar)
  • Solbriller og solkrem


Turen er i regi av DNT ung

Gradering av turar

Grøn (Enkel): Dette er stort sett korte og enkle turar som passar for alle, utan krav til spesielle ferdigheter eller utstyr. 

Blå (Midddels): Dette er turar som passer for deg som har grunnleggjande turferdigheter og er i normal fysisk form.

Raud (Krevande): Turar merka med raudt passer for erfarne turgåere, med god utholdenhet. Turane krev ofte gode tursko og bekledning. 

Svart (Ekstra krevande): Dette er turar som passar for erfarne fjellfolk, med god fysikk, styrke og utholdenhet. Gode tursko og bekledning trengs på desse turane. På desse turane vil me stille med nødvendig utstyr som stegjern, tau og sele etc. 

Merk at uforutsette hendingar som er utanfor Vinjerocks kontroll ikkje gjev krav på refusjon for allereie betalte aktivitetar.