Luftetur til Torshamaren (1440 moh)

torsdag 17.07 kl. 10.00
53869364506 1C9208e89b O

Velkommen med på ein lett og luftig tur til ein av toppane nær Eidsbugarden. Ta med deg sjølv – eller ein ven – litt klede, vatn og snacks, og møt opp ved turinformasjonen kl. 09:45.Torshamaren ligg litt lenger aust for Eidsbugarden og byr på fin utsikt tilbake mot Tyinvannet i sør og Falketind i nord. Dette er ein lågterskeltur som passar for dei fleste og som gir ei god naturoppleving utan å ta heile dagen.

Praktisk informasjon
Turen tek om lag 2–3 timar tur-retur i roleg tempo (ca. 3 km/t), men vil bli tilpassa etter gruppe og vêrforhold. Turleiarar sørger for trygg ferdsel og god stemning undervegs.
Har du behov for tilrettelegging? Sei frå til turleiar, så finn me ei god løysing.

Ting Luftetur til Torshamaren (1440 moh)

Gradering: grønAntal plassar: 25Pris: Gratis 

Oppmøte: Over vegen frå turinformasjonen, skilt med "Møteplass". Oppmøte kl. 09:45 – turen startar kl. 10:00.

Tidspunkt:

  • Torsdag 10:00–13:00

Utstyr:

  • Matpakke/snacks
  • Stor vassflaske
  • Gode tursko
  • Varme klede (vind- og vasstett jakke og bukse, lue, vottar, buff, ullundertøy, ullsokkar)
  • Solbriller og solkrem

Turen er i regi av DNT ung

 

Gradering av turar

Grøn (Enkel): Dette er stort sett korte og enkle turar som passar for alle, utan krav til spesielle ferdigheter eller utstyr. 

Blå (Midddels): Dette er turar som passer for deg som har grunnleggjande turferdigheter og er i normal fysisk form.

Raud (Krevande): Turar merka med raudt passer for erfarne turgåere, med god utholdenhet. Turane krev ofte gode tursko og bekledning. 

Svart (Ekstra krevande): Dette er turar som passar for erfarne fjellfolk, med god fysikk, styrke og utholdenhet. Gode tursko og bekledning trengs på desse turane. På desse turane vil me stille med nødvendig utstyr som stegjern, tau og sele etc. 

Merk at uforutsette hendingar som er utanfor Vinjerocks kontroll ikkje gjev krav på refusjon for allereie betalte aktivitetar.