Lefsebakekurs

lørdag 19.07 kl. 15.30
53065299869 A1026ca86f O (1)

På kurs i lefsebaking med Mia og Anette får du ei innføring i korleis ein lagar klassisk potetlefse frå Valdres. Desse lefsene brukast tradisjonelt sett til rakfisk og spekemat, men du kan også bruke dei som lompe til pølse. Me vil gje innføring både korleis deigen lagast, kva for nokre reiskap det er kjekt å ha, tips og triks til sjølve utbakinga og sjølvsagt nokre hemmelegheiter som gjer bakinga til ein leik. Dette kurset er for deg som ikkje har bakt lefser før, men som er nysgjerrig på lokalmat og kortreiste mattradisjonar! Etter kurset vil du kunne bake din eigen lefse og antageleg er du også litt mindre svolten enn då du kom! Vel møtt.

Ting lefsebakekurs

Gradering: Grøn

Plassar: 10

Pris: 350 kr

Tidspunkt: Laurdag 15:30-17:00

Utstyr: godt humør

Oppmøte: Storteltet

Gradering av turar

Grønn (Enkel): Dette er stort sett korte og enkle turar som passar for alle, utan krav til spesielle ferdigheter eller utstyr. 

Blå (Middels): Dette er turar som passer for deg som har grunnleggjande turferdigheter og er i normal fysisk form.

Raud (Krevande): Turar merka med raudt passer for erfarne turgåere, med god utholdenhet. Turane krev ofte gode tursko og bekledning. 

Svart (Ekstra krevande): Dette er turar som passar for erfarne fjellfolk, med god fysikk, styrke og utholdenhet. Gode tursko og bekledning trengs på desse turane. På desse turane vil me stille med nødvendig utstyr som stegjern, tau og sele etc. 

Merk at uforutsette hendingar som er utanfor Vinjerocks kontroll ikkje gjev krav på refusjon for allereie betalte aktivitetar.