Pusten har fått auka merksemd dei siste åra – og med god grunn. Gjennom ein kraftfull pusteteknikk, ofte kalla breathwork, kan du opne opp for nye perspektiv, djup tilstadesver og kanskje til og med nokre tårer. Men kva skjer når me blandar inn latter?
I denne økta kombinerer me pust og latter for å skape ei unik oppleving av glede, frigjering og lettheit. Latter kan opne dører til djupare kjensler, og saman utforskar me korleis både pusten og latteren kan føre oss nærare augneblikket – og dei du er glad i.
Kurset blir arrangert i historiske Vinjebue og er i regi av Tuva Bjørnstad (@pustetuva)
Kven er Tuva?
Tuva brenn for alt som får oss til å kjenne oss meir levande og til stades i livet me lever. Anten det er gjennom pust, rørsle eller djupe møte med menneske, søkjer ho alltid det som vekkjer nysgjerrigheit og opnar nye dører.
Med ein kjærleik for eventyr har ho mellom anna haika med framande rundt om i verda, gått pilegrimsreiser og budd i van i tre år – noko som etter kvart leia ho i retning av pusten. Som utdanna breathwork-fasilitator held ho workshops som utfordrar, inspirerer og hjelper folk til å utforske kven dei er – og kva som eigentleg betyr noko i livet.
Gradering: Grøn
Antal plassar: 20
Pris: 350,-
Tidspunkt:
- Laurdag 11:30-13:00
Utstyr:
- Liggeunderlag eller yogamatte
- Varme og behagelege kle
- Drikkeflaske
Stad: Vinjebue