Visste du at Høgbrotet er det einaste ståstaden der du kan sjå både Tyin, Bygdin og Gjende – samstundes? Nei? Bli med DNT ung og sjå sjølv!
Frå Eidsbugarden følgjer me den T-merka stien mot Olavsbu, før me tek av opp mot Mjølkedalen. Derifrå held me fram langs Høgbrottjernbekken og følgjer stien opp mot vesthellinga av Gravfjell, på høgre sida av bekken. Når stien flatar ut og forsvinn, tek me sikte på toppen og held fram til me når platået. Me går vidare langs ryggen og følgjer denne mot Høgbrotet.
Frå vatnet på 1428 moh held me fram langs ryggen mot aust i lett stigande terreng. På toppen tek me oss god tid til å nyte nista og utsikta, før me byrjar på ein roleg nedstigning tilbake til Eidsbugarden.
Praktisk informasjon:
Turen varer om lag 4–5 timar i moderat tempo (ca. 3 km/t), men tilpassast vêr og deltakarar.
Har du behov for tilrettelegging? Sei frå til turleiar i god tid, så finn me ei god løysing.
Gradering: blå
Antal plassar: 20
Pris: 100,-
Tidspunkt:
- Laurdag 10:00–15:00
Utstyr:
- Matpakke/snacks
- Stor vassflaske
- Gode tursko
- Varme klede (vind- og vasstett jakke og bukse, hue, vottar, buff, ullundertøy og ullsokkar)
- Solbriller og solkrem
Oppmøte: Over vegen frå turinformasjonen, skilt med "Møteplass". Oppmøte kl. 09:45 – turen startar kl. 10:00.
Turen er i regi av DNTung