Gangar og Go’kar-kurs

fredag 18.07 kl. 11.00
Christine Blix GOKAR 5

Her er ambisjonen enkel - å lære seg eit festtriks eller to, i god Vinjerock-and. Litt variasjon med Gangardans, kor ein samdansar to og to med Hallingmoves inn i dansen, og så Godkarøvelser etterpå, kor ein er aleine.

Til å lære dykk dette har me fått oppover Vebjørn, Tone og Kjetil som vyrde hallingdansarar! Du treng korkje vere kar eller særleg sprek for å vere med på kurset. Noko å imponere med frå lausdanstradisjon, lærer du, same kva.

Nemde me at både hattespark og rævkrok er gode måter å avgjere kven som er sprekast?

Ting gokarkurs

Gradering: Grøn

Antal plassar: 20

Pris: 350,-

Tidspunkt:

  • Fredag 11:00-14:00

Utstyr:

  • Lette kle (dropp olabukse og fjellsko om du kan)
  • Drikkeflaske er lurt

Oppmøte: Over vegen frå turinformasjonen, skilt med "Møteplass” 

Gradering av turar

Grøn (Enkel): Dette er stort sett korte og enkle turar som passar for alle, utan krav til spesielle ferdigheter eller utstyr. 

Blå (Midddels): Dette er turar som passer for deg som har grunnleggjande turferdigheter og er i normal fysisk form.

Raud (Krevande): Turar merka med raudt passer for erfarne turgåere, med god utholdenhet. Turane krev ofte gode tursko og bekledning. 

Svart (Ekstra krevande): Dette er turar som passar for erfarne fjellfolk, med god fysikk, styrke og utholdenhet. Gode tursko og bekledning trengs på desse turane. På desse turane vil me stille med nødvendig utstyr som stegjern, tau og sele etc. 

Merk at uforutsette hendingar som er utanfor Vinjerocks kontroll ikkje gjev krav på refusjon for allereie betalte aktivitetar.