Gå til Vinjerock; frå Bygdin i aust til Fondsbu i vest

082020Trollheimenfoto Mariusdalsegdnt 76.T615dcd5e.M800.Xihrxlown

Me går til Vinjerock! Høyr her – no skal me gjere noko du kanskje ikkje visste at du alltid har drøymt om! Bli med DNT ung og tjuvstart verdas finaste festival med ein førfestival. Me skal nemleg gå oss til festivalstemning frå Gjendebu til Eidsbugarden. Turen er over 30 km lang, og på vegen får du besøke tre DNT-hytter på tre dagar.

Korleis få med teltet, seier du? Eller festivalstolen? Slapp av! Alt dette vert frakta frå turstart ved Gjendesheim til festivalområdet. Alle deltakarar får sende eitt kolli kvar. Det einaste du sjølv må bere, er ein sekk med det du treng til dei tre dagane!

Dette blir garantert ein tur du seint vil gløyme. Einaste føresetnad er at du kan gå den oppgjevne strekninga i gruppetempo og bere tursekken din sjølv heile vegen.

Dato: måndag 14. juli til onsdag 16. juli 2025

Praktisk informasjon

Deltaking er forbeholdt personar mellom 18–30 år som skal på Vinjerockfestivalen. Festivalpass er IKKJE inkludert i denne påmeldinga, det må kvar enkelt ordne sjølv.

Aldersgrense: 18–35 årPris: 700 kr for medlem, 1100 kr for ikkje-medlem. Bli medlem her!Transport: Valdresekspressen går frå Oslo til Bygdin. Alternativt kan du koma med bil (hugs samkøyring!) sørfrå via Beitostølen eller nordfrå frå Gudbrandsdalen over Valdresflya til Bygdin. Det er parkeringsplass ved Bygdin.

Mat: Har du diettrestriksjonar eller spesielle matallergiar? Sei ifrå i påmeldinga, så skal me gjere vårt beste for å ta omsyn. Middag måndag og tysdag, samt frukost tysdag og onsdag, er inkludert i påmeldingsavgifta. Det er berre tørrmat i proviantlageret på Torfinnsbu. Dersom du ønskjer snacks, brød eller anna mat, må du ta det med sjølv.

Anna: Middag måndag og tysdag, frukost tysdag og onsdag, bagasjetransport frå Bygdin til Eidsbugarden og turleiing er inkludert i prisen.

Pakkeliste: For å få ei god oppleving og ein trygg tur er det viktig å ha med rett bekledning og utstyr i sekken. Sjå rettleiande pakkeliste her.

Program

To turleiarar vil leie deg frå Bygdin til Eidsbugarden gjennom desse tre dagane.

NB: Dersom det er få påmelde innan fristen, kan turen verte avlyst. Alle deltakarar vil i så fall bli varsla minst to veker før, og deltakaravgifta vil bli refundert.

Måndag: Me møtest ved Bygdin høgfjellshotell på føremiddagen. Derifrå følgjer me stien til den sjølvbetjente hytta Torfinnsbu langs Bygdin. Turen er ca. 12 km og tek rundt 3 timar i roleg tempo. Vel framme ved hytta kan ein ta seg eit forfriskande bad før ein lagar ein god middag i fellesskap.

Tysdag: Me går vidare frå Torfinnsbu til Gjendebu. Etappen er ca. 13 km, med gode stigningar både opp og ned. Turen går gjennom vakre Svartdalen, som ligg rundt 1500 moh og er omgitt av fleire 2000-meterstoppar. Nedstigninga til Gjendebu er bratt, men det er delvis trappelagt med stein. Vel framme ventar ein velfortent trerettars middag i DNT-stil.

Onsdag: Den siste etappen går frå Gjendebu til Eidsbugarden. Turen er 17 km lang og startar med ei slak motbakke opp Veslådalen mot Høystakka. Høgaste punkt er kring 1360 moh. Deretter går det nedover mot Bygdin, og festivalområdet kjem endeleg til syne.

Vilkår for deltaking på fellesturar med DNT:
Når du melder deg på denne turen, stadfestar du at du har lese og akseptert vilkåra som er oppgjevne i «Vilkår for deltaking på fellesturar med DNT». https://www.dnt.no/dnt-der-du-er/dnt-nord-trondelag/turlagene-vare/viktig-informasjon/ 

Gradering av turar

Grønn (Enkel): Dette er stort sett korte og enkle turar som passar for alle, utan krav til spesielle ferdigheter eller utstyr. 

Blå (Middels): Dette er turar som passer for deg som har grunnleggjande turferdigheter og er i normal fysisk form.

Raud (Krevande): Turar merka med raudt passer for erfarne turgåere, med god utholdenhet. Turane krev ofte gode tursko og bekledning. 

Svart (Ekstra krevande): Dette er turar som passar for erfarne fjellfolk, med god fysikk, styrke og utholdenhet. Gode tursko og bekledning trengs på desse turane. På desse turane vil me stille med nødvendig utstyr som stegjern, tau og sele etc. 

Merk at uforutsette hendingar som er utanfor Vinjerocks kontroll ikkje gjev krav på refusjon for allereie betalte aktivitetar.