Blome- og sankesafari

lørdag 19.07 kl. 12.00
53868417872 28Da20b25f O

På denne turen leitar me etter planter med ymse bruksformål – alt frå mat og krydder til medisin. Me tek òg ein kikk på giftplantene me møter på vegen, men dei let me fortrinnsvis vere å smake på. Det blir neppe høve til å eta seg mett på det me finn, men dersom du har lyst å lære korleis ein kan bruke fjellurtar til å krydre brennevin, er dette absolutt noko for deg!

Etter kvart løftar me blikket frå sankekorga og vender merksemda mot det større biletet. Bli med ein naturforvaltar og oppdag kva plantelivet kan fortelje oss om samspelet i fjellnaturen. me ser på ville vekstar og kva dei ulike artane kan seie om miljøet dei veks i – og korleis ting heng saman her oppe. Du vil lære å kjenne att artar i felt, og kanskje dukkar det opp noko uventa og spennande på vegen òg!

 

Kurset er i regi av Martin og Pernille

Ting Blome- og sankesafari 

Gradering: grøn

Antal plassar: 25

Pris: 350,-

Tidspunkt:

- Laurdag 12-14

Utstyr:

- Fjellsko/gode tursko

- Turklede

- Notatblokk kan også vere kjekt å ha med

Oppmøte: Over vegen frå turinformasjonen, skilt med "Møteplass"