Vinjerock heile året er ei rekke arrangement me lagar saman med lokale aktørar, og kva som er på plakaten endrar seg frå år til år. I 2025 gjennomførte me desse arrangementa:
Vesle-Vinje
Våren 2019 vart Vesle-Vinje arrangert for fyrste gong. Ein musikkfestival for alle born i Vang og Valdres. I 2025 sto klovnen Bonzo og Bare Folk på plakaten på hovudscena. Ingeborg og Margit Onstad fremførte nydelege låtar i badstova og Vang folkebibliotek hadde høgtlesing og familiequiz! Vang frivilligsentral rigga til eit lass med spanande aktivitetar, og Vang FK holdt triksekonkurranse. Det var mogleg å meske seg i kanelsnurrar frå Valdres Bakeri, og delta i tautrekkingskonkurranse.
Neste Vesle-Vinje: Laurdag 30. mai 2026
Vårt nabolag
Saman med Oslo World Music Festival som starta #VÅRTNABOLAG-konseptet er det Vinjerock og Vang mottakssenter som står bak festivalen i Vang. I 2025 sto verdsstjerna Gutu Abera på plakaten, saman med Aowafy og det lokale stjerneskotet Ejlis. Dagen vart avslutta med DJsett frå Oh Mama! Crew. Mat og stemning er det dei lokale og bebuarane på Vang mottakssenter som står for. Nabolagsfesten har vore ein festlig hending i lokalsamfunnet dei siste åra, der musikk, kultur, språk og mat møtast i ei herleg blanding. Les meir om prosjektet hos Oslo World Music Festival.
Neste Vårt Nabolag: 5. eller 6. desember 2026
Ungdomskonsertar
I 2025 starta me opp samarbeid med ungdomsrådet og A-rådet i Vang kommune, og saman laga me to konsertar på Torsheim, av og med ungdomane! Den fyrste konserten vart med rapduoen Gæste Guttær, og på den andre var det Fløi som spelte opp til fest. Me ser fram mot å lage fleire tilstelningar med ungdomane!
Neste ungdomskonsert: Fredag 27. mars 2026
Vinjerock heile året vert gjort mogleg gjennom støtte frå Vang kommune og Sparebankstiftelsen DNB