Vi håpar alle Vinjerockararar er friske og tek vare på kvarandre i ei surrealistisk tid. 

Sist oppdatert 05. april 2020

Fest og moro i fjellheimen kjennes fjernt for oss alle i ei tid med uvissheit og korona-nyheiter i alle kanalar. Her kjem likevel ei oppdatering frå oss som lagar Vinjerock, til deg som skal på festival.

Vi i Vinjerock følger situasjonen nøye, og tek med oss alle påbod og anbefalingar frå lokale og nasjonale myndigheiter i planlegginga mot årets festival. Vi tek råd og oppmodingar frå myndigheitene på største alvor. Enn så lenge planlegger vi for at det blir festival til sommaren. Om det blir endringar, får de vite det så fort som råd.

Dersom myndigheitene bestemmer at det ikkje er trygt å arrangere festival i juli, får de beskjed her på nettsida, på nyheitsbrev og i våre kanalar på sosiale media. 

Utfordrande situasjon for heile festival-Noreg

Norske konsertarrangørar er organsisasjonen Vinjerock og dei fleste andre norske festivalar er medlem i. Dei jobbar no dag og natt for at alle festivalane skal få gode retningslinjer for sommaren, og finne vegen vidare saman. 

Håpet vårt er at vi får tydelige signal om vi får lov til å arrangere festival innan utgangen av april. Men myndigheitene har ein heil nasjon å ta vare på, så vi må ha forståelse for at det kan ta lengre tid før vi veit sikkert. Vi i Vinjerock jobbar no med å førebu oss på alle ulike utfall, og vårt viktigaste mål er at vi skal få samla gode vinjerockarar på Eidsbugarden att.

Det er ingenting vi ynskjer meir enn å kunne ta imot alle dykk som lagar Vinjerock til ei fantastisk hending på Eidsbugarden til sommaren. Vi lengtar etter å sjå dei gode frivillige bak baren, festivalgjengarar på fjelltoppar, nye venskap i lyngen, folk som badar i Bygdin, høyre bra musikk frå scena og vera sammen med dykk Vinjerockarar igjen. 

Enn så lenge håpar vi at de har litt is i magen. At de tek vare på vener (på avstand) og familie, vaskar hendene, nyt naturen i nærområdet, får gode konsertopplevingar på nett og mimrar tilbake til gode minner frå tidlegare festivalar. Vi gler oss til vi skal skape nye minner saman med dykk.

Vi sender mange varme tankar til alle som står på under denne krisa, og til alle som slit med å halde hjula gåande. Takk for innsatsen dykkar! 

Ofte stilte spørsmål: 

Har artistar avlyst på grunn av covid-19? 

Vinjerock har for det meste norske artistar, som forheld seg til same retningslinjer som arrangørane gjer. Ingen har avlyst årets Vinjerock, og det er vi veldig glade for. 

Slepp de fleire artistar til Vinjerock 2020? 

Vi har ei smørbrødliste med gode musikkopplevingar som ventar. Deilig å ha nokre gode nyheiter på lur, her er det berre å glede seg. 

Får eg refundert billetten min dersom Vinjerock 2020 blir avlyst?

Vårt utgangspunkt er at vi ynskjer å oppfylle kjøpsavtalen med publikum. Alle sommarens festivalar står no ovanfor dei same utfordringane. Saman med vår bransjeorganisasjon Norske konsertarrangører jobbar vi for å lage ein felles veg vidare. Vi håpar de har tolmod med oss, og at de har forståelse for at denne uvanlige situasjonen gjer at det tar litt lengre tid enn normalt å få svar på det de lurar på. Vi sender ut oppdatert informasjon til billettkjøperar så snart vi har det tilgjengelig. 

Kan eg få refundert billetten min no?

Vi håpar i det lengste at vi får lov til å arrangere festival, og følgjer kjøpsvilkåra våre som seier at vi ikkje refunderer allerede kjøpte billettar.

Lurar du på meir om Vinjerock og Covid-19? Sjå på ofte stilte spørsmål.