Etter førehandssal og ordinært billettsal er festivalen no heilt utseld. Som tidlegare har det vore stor pågang og billettane vart rive bort ganske raskt i år igjen.

Sist oppdatert 03. april 2020
Det er ingen grunn til å vere heilt fortvila om du ikkje var ein av dei som fekk kapra eit festivalpass. Samarbeidspartnarane våre har nokre frå billettar på lur. Det er altså moglegheiter for å vinne billett frå til dømes Gjensidige Valdres, Valdres Sparebank, DNT og Alfa utpå vårparten.

Rett etter nyttår blir det også moglegheiter til å melde seg som frivillig til Vinjerock. Kvifor ikkje vere med på å lage Jotunheimens trivlegaste festival på Eidsbugarden?


Pass opp for svindelforsøk!

Etter billettane våre er seld ut er det ofte forsøk på svindel. Dei som har fått tak i festivalpass har berre fått ei stadfesting av kjøpet sitt på mail. Vi sender ikkje ut sjølve billetten, nettopp for å unngå svindel. Så akkurat no finst det ingen billettar å kjøpe.

Dei som har fått tak i festivalpass vil få tilsendt meir informasjon om utlevering av billetten sin når festivalen nærmar seg.
Sju artistar er klare!
I veka opp mot billettsleppet har vi presentert fleire artistar som er festivalklare. Og no er til saman sju postar på programmet fylt opp.

Det blir blåserekke, beats og hooks med elektronikaduoen Lemaitre,som også har med seg gitarist og P3-profil Markus Ulv Neby. Dei har spelt på store scener over heile verda, og kjem tilbake til Vinjerock. 

Vi får sølvstrupa, rapparen og poeten Cezinando på besøk. Han har prega hitlister og radibølger dei siste åra, og har utmerka seg som ein veldig bra liveartist. 

Popdronninga Gabrielle kjem tilbake. Ho har nettopp sleppt eit nytt album som har trilla firarar og femmarar i avisene. Hittane «Tenker på deg» og «Aldri aldri aldri» har teke oss med storm!

Musikaren og formidlaren Bjørn Eidsvåg kjem også til fjells. Han har laga fleire udødelege hittar som går rett heim hos både unge og gamle og har spelt inn heile 25 studioalbum.

The Good the Bad and the Zugly består av fem utflytta hadelendingar. Dei fekk Årets Spellemann i Rock og har lova høg, brutal og rask rock på Vinjerock.

Frå før har vi også sleppt Miss Tati’s Angola70 og rockebandet Oslo Ess.