Laurdag 6. september var det duka for Vårt Nabolag i Vang

Sist oppdatert 18. november 2026

Saman med Vang Mottakssenter og Oslo World skipa Vinjerock til eindagsfestival for bebuarar og sambygdingar på Vang Mottakssenter! 

Dagen starta med eit forrykande trylleshow frå Erling Solland, før Aryaan sang sine slagerar som Iskrem på Pinne. Stjerneskotet Akuvi leverte eit forrykande sceneshow kombinert med djupe tekstar, og Jørn Hoel baud på både sine kjente og kjære låtar, og stand up show. Avslutninga med DJ Dana satte fart på tilskoderane, kor Dabken sat laust og vart godt lært bort til dei som ville prøve seg!

Bebuarane inviterte gjestene på dokke-lage-verkstad kor ein kunne lage ukrainske tråddokker, basketkonkurranse og bildevegg for å få minner frå dagen. Ikkje minst vart alle gode og mette med samosas frå Saras mat i Ryfoss, og vaflar servert av mottaket. 

Det vart ein strålande dag, og me takkar så mykje for dei ti åra me har fått vere med å lage VårtNabolag i Vang. No er vidareføring lagt på is, då mottaket er vedteke lagt ned. Men, me er klare om det igjen skulle verte drift og ynskje om å gjenoppta mottak og dermed VårtNabolag i framtida. 

 

 

 

 

 

 

Foto: Darja Olsevskaja