Er du mellom 13 og 21 år og busett i Innlandet fylkeskommune? Då må du sjå hit!

Sist oppdatert 25. november 2025

unge mellom 13 og 21 år busett i Innlandet får moglegheit til å kjøpe festivalpass med ungINN rabatt. Er du under 18 må du framleis vere i følgje med ein vaksen person som har eige festivalpass. 

 

ungINN festivalpass kjem for salg 5. desember 2025

ordning for heile innlandet

ungINNkortet kan berre tingast av busette i Innlandet fylke mellom 13 og 21 år. Det vil såleis vere viktig å sikre seg kortet før ein handlar festivalpass til Vinjerock. Utan ungINNkortet vil ein ikkje kunne nytte seg av billetten, og det vert sjekka ved påsetjing av armband oppe på festivalen. 

Sjå alle tilboda du har tilgang til som ungINN medlem, og ting kortet her

 

Billettprisar ungINN 2026:

2535,-, ingen billettavgift

Festivalpasset gjev inngang til festivalområdet oppe på Eidsbugarden, konsertar, samtaler og eit breitt aktivitetsprogram over tre dagar. I tillegg er skyttelbuss tur/retur (torsdag og sundag) frå parkeringa og inn til festivalområdet inkludert, og avmerka festivalcamp med sanitæranlegg.

Kjøpsvilkår billettar

Kjøper du ungINN-billett må du syne fram det fysiske ungINNkortet (ikkje digitalt) når du byter frå billett til band, samt legitimasjon. Utan ungINNkort vil du ikkje kunne nytte billetten. 

Verdt å merkje seg: 

  • Born til og med 12 år: Gratis i følgje med ein føresett med festivalpass. Skal du ha med born? Meld ifrå på post@vinjerock.no
  • Mellom 13 og 18 år: Born mellom 13 og 18 år har tilgang til festivalen med festivalpass (til dømes desse med ungINN rabatt) og i følgje av ein vaksen med festivalpass

Gyldig legitimasjon er:

  • Fysisk førarkort (inkludert mopedførarbevis med bilete og fødselsnummer)
  • Bankkort med bilete   
  • Digital ID i BankID-appen
  • Pass 
  • Nasjonalt ID-kort 
  • Forsvaret sitt ID-kort 
  • Opphaldskort
  • Utlendingspass 
  • Asylsøkarbevis
  • Reisebevis for flyktningar