Torsdag 20. november vart det dansbar musikk, diskofest og kiosksalg når ungdommen i Vang laga konsert!

Sist oppdatert 22. november 2025

Bandet Fløi, som nyleg gjorde ein kjempekonsert på bransjefestivalen VillVillVest, spelte opp til dans med sine fengjande låtar, A-rådet solgte brus og pizza, og DJ Danny sytte for diskofest! Det var ein glad og fornøyd gjeng som avslutta kvelden rundt kl 23, og me vonar dei var like trøtte og glade på skulen fredag! 

På Vang- Barne og Ungdomsskule går det ein engasjert gjeng ungdomar som 2 gonger i året er med å lage konsert på Torsheim i Vang. Dei er med i bookingprosessen, marknadsfører konserten, tek bilete og riggar lokalet. Vinjerock og A-rådet arbeidar saman for å få til dette, og ungdom frå dei andre kommunane i Valdres vert invitert til å kome på konserten. 

Me ynskjer velkomne til neste ungdomskonsert i mars 2026!

 

Foto: Peter Haaverstad