Då var det over for denne gang. Håper de huska å kose dykk!

Sist oppdatert 21. juli 2019

Det blei kanskje litt våtare i år enn dei foregående åra, men sjølv ikkje det klarar å leggje ein demper på stemninga på verdas hyggeligste festival. 

Frå Ladama åpne ballet på torsdag, med deira søramerikanske rytmar, til sjølvaste Karpe satte eit heidundrandes punktum laurdag kveld, har det gått i eitt med musikalske godbiter. 

Takk til popdronningane Sigrid og Aurora, som headlinet kvar sin dag, og alle andre artister som har ordna magisk Vinjestemning. 

Takk også til alle frivillige som sørger for at det i det heile teket kan bli festival, med alt frå mat- og drikke-servering til trivselsverter som ser til at folk har det bra. 

Og ikkje minst takk til alle de andre vanlege gjester som bidreg med godt humør og upåklageleg festivalånd!

Håper me sjåast igjen neste år!