Vi er på utkikk etter studentar under høgare utdanning som vil bu i fjellbygda Vang, og fortelje gode historiar til Vinjerockarane.

Sist oppdatert 05. februar 2020

For andre året på rad jaktar kontorfellesskap i Vang, Rollag, Vågå og Ål på Fjellspirer, som vil teste ut livet i fjellbygdene for ein månad. 

Vang ligg ved foten av Jotunheimen, så langt aust i Valdres du kan kome før du er på Vestlandet. Her finst eit mekka for deg som likar å sykle, klatre og gå i fjellet. Du kjem tett på dyr og menneske, og ikkje minst utforske god matkultur. 

Vi i Vinjerock er på leit etter ein person som kan hjelpe oss å fortelje historiene om Valdres. Sommarjobben strekk seg over fire veker i byrjinga av sommaren, og ein får også moglegheit til å komme tilbake i juli og jobbe som frivillig under festivalen. 

Ta ein kikk på alle jobbane her!

Følg Fjellspire på Instagram, så får du eit innblikk i kva alle Fjellspirene fekk vere med på i fjor. 

Under følgjer annonsen for sommarjobb i Vinjerock: 

Innhaldsprodusent/prosjektmedarbeidar — Vinjerock AS

KONTORFELLESSKAPET 1724 - VANG, VALDRES

Vi ser etter deg som er glad i å fortelle gode historiar på nett og i sosiale media. Du set pris på gode natur- musikk og matopplevingar, og ynskjer å vise Vinjerockarane kva Valdres har å by på. Dette er ein sjølvstendig jobb med mykje fridom, som passar for deg som likar å komme deg ut, sjå fin natur og snakke med kjekke folk.

Vinjerock: Vinjerock er ein musikk- og friluftslivfestival som går føre seg på Eidsbugarden i Jotunheimen (1060 moh). I løpet av tre dagar i juli får publikum gode konsertopplevingar, kurs og turar i dei omliggande fjella. På programmet står både blomesafari og halling, turar til luftige toppar og rusleturar i lyngen, og kajakkurs for dei som let seg freiste av det friske fjellvatnet i Bygdin. Vi jobbar heile tida for å minske miljø- og klimaavtrykket vårt. Sidan 2011 har vi vore miljøfyrtårnsertifiserte, og prøver heile tida å strekke oss lenger. Vinjerock ønskjer å vere ein inkluderande festival. I tillegg til festivalen har vi arrangement heile året i heimkommunen Vang, og for dei frivillige som jobbar for oss.

Arbeidsoppgåver:

  • Produsere innhald til nett og sosiale media om Valdres og Vinjerock, med fokus på matprodusentar og opplevingsturisme.

  • Ein vil også vere med å planlegge og gjennomføre Rockehøgskula, eit arrangement for Vinjerock sine frivillige midten av juni.

Kven er du:

  • Vi ser etter ein person som er blid, sjølvstendig og arbeidsom.

  • Du likar å planlegge og gjennomføre kreative prosjekt, og set pris på ein fleksibel arbeidskvardag

  • Du må ha erfaring med foto- og videoproduksjon

  • Du bør beherske nynorsk

Praktisk: Du må ha tilgang på eigen bil, pc og kamera. Bustad kan ordnast saman med dei andre fjellspirene i perioden.

Lønn etter avtale.

Sted: Kontorfellesskapet 1724 i Vang i Valdres.

Søknadsfrist 1. mars

Arbeidsperiode: 08.06-03.07

Vil du vite meir eller søke på stillinga? Ta kontakt med dagleg leiar i Vinjerock AS, Sigrid Skjerdal, på post@vinjerock.no.

https://www.vinjerock.no/