Festivalekspressane ligg no ute for booking!
No kan du endeleg planlegge reisa di til Vinjerock! Den enklaste måten er uten tvil å hoppe på festivalekspressen frå destinasjonane Oslo, Sandvika, Bergen, Voss, Dombås eller Trondheim, og trille strake vegen heilt til fjells. Då unngår du bussbyter eller parkering/skyttelbuss, som ein elles må nytte seg av for å kome seg på Vinjerock. Festivalekspressane vert levert i samarbeid med JVB
Vel el-buss med Hafslundekspressen
Transport står for den største delen av utsleppa i forbindelse med å arrangere Vinjerock, og me vil vere drivande for å senkje utsleppa. Difor er det stas at me saman med Hafslund kan vere med å etterspørje el-bussar hjå leverandørane! I fjor køyrde det for fyrste gong ein el-buss frå Bergen til Vinjerock, og i år reiser heile tre el-bussar mot Bygdins veistre breidde, denne gongen frå Oslo.
Vil du vere med å vise at me ynskjer oss el-bussar? Ting avgangen merka med Hafslundekspressen frå Oslo!