No er dei siste postane lagt til på programmet og me får gjensyn med kjente og kjære innslag.
Få god stemning masse fjas på VinjeFM:Pratesjov, test allmenn- og spesialkunnskapen i Quizen med Mia og Jørgen, eller kanskje du vil leite etter rosa kuler på Vinjerocks legendariske Bingo?
På Parkscena presenterar DNT Eventyrguten, som deler frå reisa si med Noreg på Langs, og du kan vere med å oppdaqe hemmelege plassar i Noreg, og med Inger Marie får du lære meir om historia til de norske budeiene. Om borna er med på festival i år får dei eigen konsert (også open for vaksne), kor Symre speler dei vakraste tonar i Parkscena.
Treng du ein roleg med musikkfylt start etter torsdagskvelden, kan du starte fredagen i ein sakkosekk med albumfrukost og herlege tonar frå Zahra Arnesens favorittalbum.
Ikkje minst vert det Silent Disco i Lyngen! Kor hus-DJana "Dovlous og Bøllefrø" og DJ VÜLVA dreg frem dei heftigaste låtane til discoen utan lyd!
Fullsett program utforskar du her! (med atterhald om endringar)