I tillegg til å fylle øyrene og sjela til publikum med framifrå musikkopplevingar likar me å by på dei gode historiane som både kan inspirere, vekkje lattermusklane og gje oss nye perspektiv.
I fyrste preikeslepp får me dette til gangs! Karen, verdas yngste solo polfarar vil ta oss med på reisa til det sydligste punktet av kloda, med alle opp- og nedturar det innebêr. Mari gjekk bokstaveleg talt motsatt retning, og gjev oss reisa hennar med Noreg på langs. Solbjørg møter dykk i den historiske og originale Vinjebue for å fortelje om Aasmund Olavssons liv og levne, og gutta frå SkalViBade vil i kjend stil lage intervjushow i Parkscena. Sist, men ikkje minst har Marianne på Vang folkebibliotek funne erotiske folkeeventyr som ho les høgt for oss i storteltet, med raude-kjaker garanti.