Me hadde det så kjekt i 2025! Me bugna oss i fjella, vennskapa og magien de utstråla. 

Sist oppdatert 04. september 2025

Vinjerock 2025 vart ein uforgløymeleg festivaloppleving 1060 meter over havet – Minnene om ein utseld festival, eit vêr som fekk Vinjerockarane til å trekkje i shorts til langt på natt og ei stemning som svevde høgare enn tindane rundt Eidsbugarden er det me sit attende med no når støvet på Eidsbugarden har lagt seg.

Frå 17. til 20. juli samla me musikkelskarar, friluftsentusiastar og eventyrlystne sjeler til ei helg fylt med ein godtepose av konsertar, kurs og foredrag om alt ein kan ynskje seg mellom dei høgste tindar og til ei enkel fjellblome. 

Programmet bugna over av sterke namn og særeigne artistopplevingar. Frå Katarina Barruk entra scena torsdag til Safari tok Vinjerockarane gjennom dei siste dansetimane laurdag, fekk me musikk i verdsklasse.

Etter Katarina Barruk si sterke opning, holdt torsdagen fram! Nils Bech rørte publikum med sin inderlege formidling og visuelle uttrykk. Anna Lille traff oss i hjarta med stemma si! Sushi x Kobe tok oss med på ei eksplosiv og kompromisslaus rapoppleving. Pumpegris drog oss med inn i nynorskens verd. Honningbarna leverte rebelsk og elektrisk stemning og DJ Nedja fekk oss til å danse oss langt inn i fredagsmorgonen. 

Fredag gjekk vidare med vittige og ujålete Symre i Parkscena, mens Masåva opna musikk-ballet på hovudscenene! Mira Tiruchelvam og Vestnorsk Jazzensemble imponerte med tamilske jazztonar, Les Imprimés fekk folk til og Sløtface flytta scena ned til publikum og ordentleg nærkontakt i settet! Maya Vik gjorde Jotunheimen om til eit funkfylt dansegolv. og Tacobitch utfordra med sitt spanande og effektfulle sceneshow. Indieseksuell avslutta kvelden med eit oppkome av nydeleg og dansbar DJ-ing. 

Og me avslutta med laurdagen over alle laurdagar! Randi Oline gav oss ekte og nære tekstar. Sanyu trollbatt heldige publikummarar som fekk plass i Vinjebue.  Ka2 dansa seg gjennom regnet med psykedelisk pop og elektronisk energi, og viste oss alle at Vinjerockarar ikkje stoppar sjølv med nokre regndråpar. The Impossible Green satte swingdansarane i swing. Delara imponerte med ein strålande vokal og scenetilværelse, og Kjartan Lauritzen fekk alle med på allsang og minna oss på kva ein bygdegut eigentleg vil. Og; Sløtface Karaoke, aldri har me sett så stort engasjement i publikum som då de fekk stå på scena og ha ei karaokeøkt uten hemmningar! Safari fekk dykk til å danse til sveitta kom att etter at regnveret skylte den bort! 

Men Vinjerock 2025 var ikkje berre musikk, me passa på å fylle dagane med både kjente og ukjente aktivitetar, foredrag og kurs. 

Det vart levert rause og kreative dikt på VinjeFM Pratesjov, stemninga sto i taket under Guro og Koselars Vinjerock-bingo, og latter og raude kjaker vart funne fram når Marianne las erotiske folkeeventyr. Skalvibade-gutane fekk skogglatteren fram, og rause forteljingar frå Nordkapp i Nord heilt sør på Sydpolen vart beretta. De smakte på sjokolade og lærte om budeie-kulturen, reparerte turklede og sydde hovud-tørkle. 

Vinjerockarane er freidige og søker kanskje kjærleiken, for på Streit singeltur var de 190 på venteliste! De klauv opp på både Uranostind og Falketind, og tok padleårane fatt i Mjølkedøla. De møtte framande i breathwork kurs og Over 200 av dykk kjempa om gjeve premiar i den alltid legendariske multisporten. 

Me vil takke vår kjære stab, alle herlege frivillige, heilt fantastiske samarbeidspartnarar, vårt nydelege publikum og alle dykk som gjer det mogleg å gjennomføre denna festivalen 1060 moh. 

Me sett pris på dykk og gler oss allereie til neste år, då me møtast for å feire Vinjerock sitt 20-års jubileum! 

Me lengtar allereie attende til Vinjerock 2025 og helga der musikk, natur og menneske møttest i perfekt harmoni. Så me gler oss stort til Me sjåast til neste år – 16.-19. juli 2026!

kom her upp og kjenn eit annat liv!