Vil du vere med å skape Vinjerock 2026?

Sist oppdatert 01. februar 2026

Som frivillig på Vinjerock er du ein viktig brikke i å byggje heilskapen i festivalen. Vinjerock er tufta på frivillig arbeid, og kvart år bidreg 750 frivillige til å skape Vinjerock gjennom oppgåver på festivalen!

Her finnast det ein plass for alle, anten du vil vere med å skape tryggleik for folka, servere deileg lokalmat eller hjelpe til med å halde fjellheimen rein og fin! 

Å vere frivillig på Vinjerock er den perfekte måte å oppleve festivalen på, og me garanterar nye vener, fritid til å oppleve festivalen og topp stemning på vakt!

Meir om kva grupper du kan melde deg til, og lenkje til årets søknadsskjema, finn du her! 

Som frivillig får du, i tillegg til å oppleve Noreg sin vakraste festival utan å betale eit raudt øre:

  • Festivalpass (dette får du inne på festivalområdet)
  • Moglegheit til å vere med på Vinje Rockehøgskule (ei helg i juni der me blir kjent, lærer og har det kjekt i vakre, vene Vang i Valdres)
  • Eit måltid medan du er på vakt under festivalen
  • Litt godsaker frå festivalen sine partnarar
  • Ei unik frivillig-T-skjorte
  • Gratis transport t/r Tyin–Eidsbugarden (på oppsette tidspunkt)
  • Rabattert parkering på Tyinkrysset. Me oppmodar dykk til å fylle bilen med fleire vinjerockarar eller ta kollektivtransport då det er avgrensa med parkeringsplassar.
  • Garantert nye, kjekke vener for livet

Har du spørsmål eller er usikker på kva gruppe som passar for deg? Fyr av ein e-post til frivilligsjefen Ane Skaare Tveiten på e-post frivillig@vinjerock.no.

NB! Aldersgrensa for å vere frivillig på Vinjerock er 18 år.