Været er skiftande og det er kjekt å tenkje på kva ein gjer dersom det oppstår lyn og torevêr på Eidsbugarden, her har me samla nokre gode hugsereglar å forhalde deg til. 

Sist oppdatert 17. juli 2026
  • Finn eit lågt punkt i terrenget. Er du på ein fjelltopp, beveg deg ned i lågare terreng. 
  • Hald deg unna vatn (Bygdin, bekkar og myr), vatn leiar strøm. 
  • Ikkje stå tett samla i grupper, spre dykk utover
  • Sett deg på huk med bein og armar samla for å redusere sjansen for strømgjennomgang.
  • Ikkje trekk inn i teltet, hald deg utandørs eller inne på hytte om du har. 
  • Skulle ein vere uheldig å bli råka av lynet er det vanleg fyrstehjelp som gjeld. 
  • Er du på festivalområdet følg henvising frå skjermar og scene

Råda er utarbeida i samråd med Meteorologisk institutt.