Vinjerock leiger ut lavvo med vedovn til vangsgjeldingar (eller folk frå nabo-bygdene) som vil sette opp si eiga “påskehytte” i nærområdet.

Sist oppdatert 03. april 2020

Påskeplanane vart gjerne litt annleis for oss alle i år. Kanskje får du ikkje tatt familiebesøket de hadde planlagt, eller hytta ligg i feil kommune. Eller kanskje du berre treng ei ekstra utestove i hagen for å drøyme deg vekk?

På lageret i Ryfoss har Vinjerock ei samling lavvoar med golv, ovnar og feltsenger som vanligvis er i bruk under festivalen. No blir  utstyret tilgjengeleg for leige for folk som kan tenke seg eit lokalt, utandørseventyr i påskeveka. 

− Det er jo synd at utstyret skal ligge der heile året utan å komme til nytte. Her ligg lavvoar i topp stand, med vedovn og golv som gjer at ein kan få det ordentlig komfortabelt på tur, seier Sigrid Skjerdal i Vinjerock. 

Rimeleg leige for lokale

For anledningen er leigeprisen satt ned vesentlig frå det lavvotellet brukar å koste under festivalen. Utleigepakka består av lavvo med golv og vedovn, ved må ein stå for sjølv. I tillegg kan ein, om ein vil unne seg litt ekstra luksus, leige feltsenger for ein liten tilleggssum. 

— Dette er tida for å utnytte nærturane, lage mat på bål og kose seg med dei ein har rundt seg. Vi håpar at lavvoane kan komme til nytte for dei som ikkje har ei hytte eller ein støl å reise til, eller dei som berre vil teste noko nytt. 

Ein treng ikkje reise langt for å vere på lavvoeventyr. Kanskje du kan sette den opp i hagen, eller i eitt av turområda som du likar å reise til med familien din?

Eit heitt tips er å sette opp basecamp som utgangspunkt for lavterskelturar på ski i den fine fjellheimen i området. Vi oppfordrar til å planlegge tur etter vêr og evne, og sjekke informasjonen til Røde Kors og hovudredningssentralen før ein legg ut på tur. 

Outtt har mange fine turforslag, både oppover og bortover. 

Vi har ti påskepakkar med 9-mannslavvo, golv og ovn tilgjengeleg. Det er plass til 6-8 personar med god plass med liggeunderlag, eller opp til fire feltsenger. Utdeling blir fredag 3.4 klokka 15.00, og onsdag 8.4 klokka 15.00 i Ryfoss. 

Lavvoane fungerer godt til vinterbruk, men leigetagarane må sjølv stå for gode snøpluggar.

Det er lurt å lage snøpluggar som er 30-50 cm lange og solide. Ein kan spikke av greiner, bruke gamle dørlister, eller bruke skistavar. Unngå å bruke ski med stålkantar.

Legg godt med snø langs kanten av lavvoen, og stram bardunane godt i påskevinden i Vang!

Om du vil ha med vedovn, er det lurt å alliere deg med nokon som har ein romsleg bil så du får plass til pipa. Den er omlag 3 meter lang. Lavvoen veg i overkant av 12 kg, og egnar seg slik sett dårleg til ordentlige langturar. 

Interessert eller har du spørsmål? Ta kontakt på post@vinjerock.no!

 

 

Prisar

Påskehelga (onsdag 8.4 til 2. påskedag): 2500 kr

Heile påskeveka (fredag 3.4 til 2.påskedag): 3500 kr

Feltseng: 300 per seng 

Treng du større lavvo, liggeunderlag eller vil du leige andre tidspunkt? Vi finn ut av det.