Ølglass og serveringsgreier fra Vinjerock har blitt til kompostjord for tomater og solsikker. 

Sist oppdatert 03. april 2020

På området til miljø- og avfallsselskapet Simas på Kaupanger ligg rankane med jord fint på linje. To kompostsjefar snur og vender, tek tider og temperaturar i komposten. Dei driv ein liten jordfabrikk, og det dei held på med er ganske nyvinnande.

–Her er det som er att av ølglas frå Vinjerock og Øyafestivalen. Så den kan vi bruke til noko nyttig no, seier Gunnar Barsnes Onarheim frå Simas, og tek ein neve brun jord i handa.

Me er glade i god mat og drikke på Vinjerock. Mat og drikke må serverast i noko, og avfallet av papptallerkar, ølglas, knivar og gaflar og kaffikoppar er ei evinneleg utfordring for alle festivalar. Vinjerock jobbar heile tida med å finne nye måtar å minske festivalen sitt fotavtrykk.

Sidan 2017 har Vinjerock levert ølglas for kompostering til søppelhanteringsselskapet Simas, det siste året vart også alt anna serveringsmateriell utanom isbeger levert. Alle eingangsartiklar Vinjerock serverer mat og drikke i blir laga av nedbrytbart materiale frå planterestar, og det gjer at det kan brukast på nytt, i ei heilt anna form.

–Det er utruleg kult at dette fungerer så bra! Og me jobbar heile tiden for at at skal bli betre, så det blir spennande å sjå kva me får til i år og videre, seier festivalsjef Julie Forchammer.

Søppelforskning

–Tanken vår er at søppel som blir sortert ikkje er avfall, men ressursar på rett veg, er selskapet sitt slagord.

På dei to åra dei har tatt imot nedbrytbare ølglas frå Vinjerock, har selskapet starta sitt eige vesle forskingsprosjekt.

–Me såg det gjekk utruleg bra med nedbrytinga den fyrste gongen me tok i mot ølglas frå Vinjerock i 2017. Det gjorde at me kunne takke ja til å ta i mot avfall frå Øyafestivalen i Oslo også, og då byrja me eit lite forskingsprosjekt, fortel HMS- og kvalitetssjef ved Simas, Dagny Ugulsvik Alvik.

Frå å bruke reaktor med varme, har dei funne at at vanleg rankekompostering fungerer best. Avfallet frå Vinjerock blir blanda med kompost frå husholdningsavfall frå husstandar i Sogn når temperaturen har gått opp. Allereie etter ein månad var få spor å finne etter PLA-glasa - dei var blitt til jord.

–Me er utruleg nøgde med prosessen. Det går enda fortare til glasa er blitt til jord enn det produsentane av glasa seier det skal gjere, fortel ansvarleg for prosjektet, Dagny Ugulsvik Alvik.

Vil dele kunnskapen

Etter suksessen med prosjekta frå Vinjerock og Øyafestivalen, har også fleire andre festivalar meldt si interesse. Helst vil Simas at fleire tek i bruk kunnskapen og bidreg til eit sirkulært system.

– Me er små og har ikkje muligheit til å ta imot avfall frå alle. Om fleire selskap tek i bruk desse metodane, kan alle levere til nær-anlegga sine. Det er det me ynskjer. Dette er eit utruleg godt eksempel på sirkulærøkonomi i praksis, seier Ugulsvik.