Den kosmiske disko‑meistaren Lindstrøm kjem endeleg til Eidsbugarden. I over to tiår har han vore ein av dei viktigaste premissleverandørane i norsk elektronika, og med sitt siste album i ryggen er han klar for å løfte fjellheimen inn i eit glitrande, svevande univers.
Når festivalen fyller 20 år, passar det godt med eit solid smell av bondepønk. Sliteneliten opnar årets festival med fele, fløyte, politisk kraft og eit scenenærvær som har fått alt frå klubbscener til Roskilde til å koke. Dei kjem til fjells med maksimalisme, varme og eit urokkelig tru på at ei anna verd er mogleg.
Trombone‑torpedoen Andreas Rotevatn frå Nordfjordeid tek med seg noko av det mest leiken‑energiske som rører seg i norsk musikk akkurat no. Etter terningkast seks på Vill Vill Vest og eit sterkt soloalbum i 2024, kjem han til Vinjerock med nytt materiale og eit lag av framifrå jazzmusikarar. Dette blir eit av dei mest dansbare innslaga i fjellheimen i år.
Laurdag 18. juli rundar Marstein av festivalen. Med ein katalog som har sett sitt preg på norsk musikk dei siste åra, frå store hits til kunstnarleg djupne, har han etablert seg som ein av dei mest nyskapande stemmene i rapfeltet. No tek han med seg energien, tekstane og tyngda si til fjells for å avslutte jubileumsåret med eit brak.
Sist, men ikkje minst; Klubbkollektivet NARA stiller kvinnsterke med fulltallig DJ-kollektiv! Fleire av damene har vore hjå oss tidligare, så når dei tropper opp saman vert det ein fest utan like!
Vinjerock 2026 blir eit år der tradisjon, nyskaping og råskap møtest. Og detta er berre ein del av det! Velkommen til fjells!