Drøymer du om å flytte nærare fjella? Om å ha skiløyper, 2000-meterstoppar og stiar utanfor stovedøra? Om å ha ein inspirerande jobb i eit kreativt kontorfelleskap? Då er det deg me leiter etter.
Etter eit lass solid gjennomførte festivalar takkar Julie Forchhammer for seg, og leverer festivalsjef-hatten vidare etter at Vinjerock 2019 er avvikla. No skal Forchhammer jobbe for klima og miljø på heiltid.
— Det har vore fantastisk å få jobbe med Vinjerock i over fem år no. Eg tror verkeleg det må vera verdas beste jobb! No skal jeg ta interessa mi for klima og miljø eit hakk vidare. Mitt ønske er å bli buande i Vang og jobbe fulltid med klima og kultur frå hausten av, seier den avtroppande festivalsjefen.
Det betyr at det er ein kontorplass ledig i Vang i Valdres for den som vil vera med å lage Vinjerock. Styreleiar Jørgen Aass seier dei leiter etter ein person som vil halde fram med å gjera Vinjerock til ein festival som ikkje berre lagar fest og moro, men bidreg til lokalsamfunnet og vil utvikle festivalen innan fokusområda.
— Me leiter rett og slett etter ein festivalsjef som har begge beina godt planta i fjellskoa, som drøymer om å endre verda og som ikkje er redd for å stå ute i vind og vêr saman med resten av gjengen når det røyner på. Sist me leitte etter ny festivalsjef fant vi ei dansk storbyjente som aldri hadde sove ute i telt. Ho har gjort ein heilt fantastisk jobb. Kjenner du deg kalla, så søk!
Stillinga lyder som følger:
Stilling ledig: Festivalsjef for Vinjerock
Vinjerock er ein musikk- og friluftsfestival på Eidsbugarden i Jotunheimen. Festivalen har vore arrangert sidan 2006, og har vore utseld kvart år sidan 2009. Musikken er grunnmuren i festivalen, men turar, aktivitetar og lokalmatopplevingar er viktige brikker i totalopplevinga Vinjerock.
Festivalen søker no etter ny festivalsjef til 100 % fast stilling.
Vinjerock har fem område med særleg fokus:
- Kultur- og naturglede
- Nynorsk
- Lokalt rotfeste
- Openheit
- Berekraft og inkludering
Arbeidsoppgåver:
Som festivalsjef har du det øvste ansvaret før leiing og utvikling av festivalen - som har 700 frivillige og 30 godt kvalifiserte medlemmar i staben som tenker Vinjerock heile året.
Me søker deg som:
- Har samlande evner og gode leiareigenskapar
- Er engasjert, har god evne til samarbeid og er fleksibel med omsyn til arbeidstid
- Har erfaring med produksjon av arrangement.
- Har erfaring med økonomi og/eller god økonomisk forståing
- Er visjonær og som ønsker å gjera festivalen stadig betre i samarbeid med stab og frivillig
- Kjenner ein brennende lyst til å jobbe med våre fokusområde
Me tilbyr:
- Spanande stilling i ein etablert og suksessrik festival
- Arbeidsplass er på Kontorfellesskapet 1724 i Vang i Valdres
- Lønn etter avtale
Søknadsfrist 31.05.19
Søknad og CV sendast per e-post til styreleiar Jørgen Aass - jorgen@jaass.no.
Spørsmål om stillinga kan rettast til same e-postadresse eller på telefon: 40 63 38 27