Undergrunns-hiphop, Valdres eigen kronjuvel og brennheit country på programmet

Sist oppdatert 15. januar 2026

Noregs nye countryfenomen kjem til Vinjerock med fullt band! Diddi Velle fer fram som ein rakett og har det siste året gått viralt med millionar av visningar på nett, samstundes som debutalbumet har vorte spelt inn med eit stjernespekka lag, i legendariske The Sound Emporium i Nashville! Det er ikkje lenge før du ser ho på nokre av dei kulaste festivalane i landet, sjølvsagt òg på Vinjerock.

Sa_G tek fjellheimen for fyrste gong i 2026, og me dirrar av glede over å få ynskje velkomen ei av dei mest spanande rapperane i Norge akkurat no. På kort tid har ho vorte kalla ein «kompromisslaus ny stemme i norsk rap» av P3, og fått ros frå artistar som Cezinando og Chirag, alt før ho i det heile teke sleppte fjorårets debutalbum, det monumentale GUNHILD! Med fryktlaus energi og kunstnarisk stålkontroll maktar Sa_G å romme ei heil verd i éin låt, og GUNHILD syner seg like mykje som ei introspektiv reise som eit energisk rapalbum. Dette er musikk laga for å treffe både hovudtelefonar og klubbscener – og no, endeleg, for å få heile Jotunheimen te å rope «Hvem er din MOOOOR?» i kor!

Men enno er det meir! Me kan rett og slett ikkje feire 20 år med Vinjerock utan sjølvaste kronjuvelane frå Valdres – nemleg STAUT! Våren 2025 har dei halde til i studio, og fyrste singel frå den komande plata, Trur du veit, vitnar om både kreativt overskot og ei tydeleg retning. Gjennom 15 år har STAUT festa grepet som eitt av landets mest hardtarbeidande og ettertrakta band, som sjølv set publikumsmøtane i høgsetet.

– Det er live me kjenner at det verkeleg skjer. Publikum, augneblinken, nerva. Me trivst best når me er på scena – det er der me høyrer heime, seier bandet.

Me kunne ikkje vore meir einige, og me er både sjeleglade og audmjukt stolte av at Valdres-gutane i Staut, Diddi Velle og Sa_G skal kome til fjells i sumar! Velkomne skal de vere!