Sushi x Kobe tek med seg sine bekmørke beats og kompromisslause tekstar opp i fjellheimen, klare til å rive deg opp med røtene. Sløtface har pakka sekken med sitt nyaste album og allsong-garanti. Indieseksuell serverer som alltid uforutsigbare pop-perler og skapar ei legendarisk avslutning på fredagskvelden. Masåva kjem med draumande melodiar, sårbare tekstar og ei nærheit du ikkje vil gløyme. Nedja tek deg med på ei sonisk verdsreise med alt frå Amapiano til arabiske folketonar, og Pumpegris kastar folkemusikken rett inn i eit groovy, skittent og rått univers der kveding møter rap og fuzzgitar møter salmetonar.
Om du ikkje allereie har byrja å telje ned til Vinjerock, er det berre å setje i gang. Til dømes kan du ta med deg årets speleliste inn i påskehelga, anten du er på høgfjellet eller i asfaltjungelen!
Glad påsk til dykk alle!