Dei fem fyrste artistane er klare for Vinjerock 2024. Det blir mellom anna rock, lokale heltar og folkemusikk på Eidsbugarden i sumar! 

Sist oppdatert 01. desember 2023

KVELERTAK 

Endeleg seier me, Endling seier dei! 

Kvelertak er klare for å snøre på seg fjellskoa, pakke sekken og ta krøtervegen til fjells sumaren 2024! Bandet har sjølvsagt seld ut Sentrum Scene heile to gonger denne hausten og ikkje minst avslutta Tons of Rock i sumar, men fyrst og fremst skal dei no vise oss definisjonen på rock i Vinjerock. Femtealbumet Endling kom i 2023 til strålande kritikkar frå anmeldarar (og dei på Vinjerock-kontoret) - gjer deg klar for ei sjelsettande oppleving. Velkomen attende til fjells gutar!

Foto: Stian Andersen

 

FAY WILDHAGEN 

Til fjells kjem vår heilt eigen Fay Wildhagen, artisten som har lagt sin elsk på Jotunheimen og me har lagt vår elsk på ho. For dei som hugsar den legendariske konserten til Fay på Vinjerock i 2018 i strålande sol veit at ei konsertoppleving med Fay er både storslagen og nær. Denne hausten har ho gjeve ut nye låtar som Reasons og Coming Home, perfekte låtar både på bilturen og foran peisen spør du oss. Me gler oss til meir ny musikk framover, og ikkje minst til ho tronar på scena under Vinjerock 2024. 

Foto: Johanna Siring 

 

ÆVESTADEN 

Det blir fyrstereis for bandet Ævestaden til Vinjerock i 2024, elektronisk folkemusikk av beste sort spør du oss. Forvent lyre, fele, munnharpe, kantele, vokal og elektronikk harmoniserande i eit eige lydbilde ein ikkje har haurt makan til.

Trioen har hatt nokre travle år, i 2021 stakk dei av med Folkelarmprisen i open klasse for sitt debutalbum Ingen mere gråter, i 2022 gav dei ut ein samarbeid-EP med Benedikt Jag är sen igjen og i 2023 kom deira andre album Solen var bättre der. Elskar du Sara Parkman er dette bandet for deg. 

Foto: Lamia Karic

 

STAUT 

Valdresbandet Staut kjem attende til Vinjerock!

Sist gong Vinjerockarane kunne svinge seg til “Sjå Sole” og drøyme om å vere valdresbrur på Eidsbugarden, var under 10årsjubileet i 2016. No får me eit etterlengta gjensyn med sekstetten som turnerar Noreg rundt med sine fengjande slagerar og ærlege tekstar. 

Det har gått nesten fem år sidan Staut slapp det kritikerroste albumet “Makalaust”, men i 2023, og mange singlar seinare, kom endeleg albumet Lett å vara kødd. 

Velkommen attende Staut, Vinjerockarane gler seg!

Foto: Michealea Klouda

 

KONRADSEN

Hugsar du albumet som var lyden av 2019 for deg? For oss var det sjølvsagt indiebandet Konradsen som det året slo igjennom med albumet Saints and Sebastian Stories - eit album me stadig plukkar fram att og som dei hanka inn ein Spellemann for. Til Vinjerock kjem dei med heilt ny musikk, albumet Michael’s book on bears kjem åttande mars og er spelt inn i ei gammal gardsstove i Storfjord, Nord-Troms. Det blir eit album som inviterar oss inn i bygda og hjå folka som bor der - mer gler oss! 

Foto: Marthe Thu