Endeleg er tida inne for å skaffe seg billett til sumarens høgdepunkt! Dei siste åra har billettane flyge ut frå Ticketmaster i ein durabeleg fart, så det er ingen grunn for å site på gjerdet!
Eigne DNT-billettar
DNT-medlemmar må logge inn på "Min side" på DNT sine sider, der finn du lenka til billettsalet og promokode du må nytte for å komme inn på billettsalet.
Billettane til DNT-medlem kjem for sal 10. desember.
Som medlem hjå DNT får du mellom anna medlemspris på DNT sine 580 hyttar, rabatt på turutstyr, medlemsbladet Fjell og Vidde, turar og kurs over heile landet og ein rekke gode medlemsrabattar.
DNT er Noregs største friluftslivsorganisasjon med over 300 000 medlemmar og starta allereie i 1868. Dei jobbar for å fremje eit enkelt, aktivt, allsidig og miljøvenleg friluftsliv og for å bevare natur- og kulturverdiar.
Hugs på
Me minnar om at av omsyn til tryggleik, naturvern og trivsel har vi nokre reglar for kva ein ikkje får ha med seg eller gjere i festivalcampen:
- Eingongsgrillar
- Glasflasker
- Høgtalarar som speler med eit lydnivå som nærmar seg konsertvolum, til dømes Soundbox
- Bålbrenning - nytt heller fellesgrillen vi set opp ved stranda
Det er lov å nytte primus, men vis omsyn og syt for sikker handtering av utstyret.