Årets camp er klar!

Sist oppdatert 21. november 2023

Då juryen for årets camp tok turen ut i lyng, gjørme og ekstatisk stemning var det ein camp som klart utmerka seg. Det var tydeleg for alle involverte at Camp Hardingene hadde tenkt lenge og godt gjennom korleis dei skulle innfri og stikke heim som Årets Camp 2024! Og me i juryen lot oss imponere. 

Men kva er no ein harding spurde me oss sjølve. Heldigvis var dei ikkje vanskelege å få lurt eit godt svar ut frå: «Ein harding er ein harding! Ein kjekk og frekk person frå sjølvaste Hardanger. Ein harding er oppvaksen mellom fjell og fjordar, oppfostra på sider og fenalår.»

Camp Hardingane har satt fokus på inkludering med det digitale flygebladet som blei sendt rundt til publikum på Vinjerock. Her stod dei for aktivitetar gjennom heile helga. Dei har lånt og gjenbrukt alle artiklar i campen og hadde ei god løysning for rusk og rask som hopa seg opp gjennom festivalen. Dei har til og med klart å ta med seg alt dei tok med seg opp nedatt frå Eidsbugarden. 

Dei viser ein kreativitet og iver etter å lage god stemning for alle rundt seg. Det viktigaste er jo trass alt å kosa seg!

Gratulerer til Camp Hardingane som stikk av med fire festivalpass til Vinjerock 2024! Me sjåast. 

Juryen bestod i år av fjorårets vinnarar, Camp Bacalao, festivalsjef Guro, miljøsjef Sondre, program- og PRsjef Johanne og blestsjef Jenny.

Foto: Lars Ask