Fredag 27. mars kl. 19:30 blir det ungdomskonsert på Torsheim i Vang. Publikum kan glede seg til ein energifylt kveld med både DJ-sett og live musikk når DJ Loveleen og KARBON kjem på scena.

Sist oppdatert 20. mars 2026

DJ Loveleen har ein kjærleik for kjenslevekkande melodiar og djupe rytmer. Gjennom å spele på følelser, intuisjon og kontrast inviterar ho deg inn i verda si, kor du får vere med på ei reise i eit leikent lydlandskap. 

KARBON er ein høg intensiv live techno trio som kombinerar konsert og klubb på same tid. Med bass, trommer og synth i front leverar dei energien til eit liveband, men med den same flyten og drivande pulsen du får frå et DJ-sett."

Konserten er eit samarbeid mellom A-rådet på ungdomsskula (Arrangementsrådet) og Vinjerock. 

– Vi synes det er stas å bidra til at ungdom kan møtast, og lære bort arrangørfagleg kunnskap, seier prosjektleiar Eskil Røe i Vinjerock. 

Arrangementet er opent for for alle som går på ungdomsskule, eller vidaregåande til og med 17 år, og arrangørane oppmodar alle som er glade i musikk til å melde seg på, for ein kveld med god stemning.

Kontakt for A-rådet, Gunn- Audhild Tørstad, gler seg til konsert: - Det vert tredje gongen me skipar til konsert saman med Vinjerock, og no gler ungdomane seg til å invitere nye vener òg frå dei andre ungdomsskulane, heim på konsert i Vang! 

Praktisk informasjon:

  • Stad: Torsheim, Vang
  • Dato: 27. mars
  • Tid: kl. 19:30
  • U18, rusfritt arrangement
  • Påmelding via skjema, ta kontakt med eskil@vinjerock.no 
  • Artistar: DJ Loveleen og KARBON

 

 

Bilde: Vinjerock, frå opprigg sist ungdomskonsert