1. Sporlaus ferdsel
Hugs at når du du dreg heim frå Vinjerock skal ikkje vere eit spor att etter deg. Det betyr mellom anna:
- Ha med deg alt du tok med til fjells attende heim
- Flyttar du på steinar, flytt dei tilbake der dei høyrer heime (ikkje bygg vardar)
- Det skal ikkje ligge at noko søppel etter deg
2. Pakk det du treng – og ikkje meir
Vêret på 1060 meter over havet er vanskeleg å spå, og kan skifte på ein femøring. Tenk praktisk og ta med gode klede for alle eventualitetar. Me ønskjer også å vere ein miljøvenleg festival og unngå forsøpling av fjellheimen.
- Ta med: ulltøy, regnklede, badeklede, gode sko, solkrem, eige bestikk! Sjå elles fleire tips på den ferdige pakkelista vår i infoboksen.
- Ikkje ta med: glasflasker, eingongsgrill, soundboks eller liknande, ting du ikkje skal ta med deg heim.
Merk at du skal få med deg sekken inn på skyttelbussen frå Tyinkrysset til Eidsbugarden. Pakk alt i eitt kolli, og ikkje ha mange lause delar hengande på utsida av sekken.
Og igjen: Ikkje ta med deg noko du ikkje har tenkt å ta med deg heim! Det gjeld alt frå campingstolar til badedyr.
3. Bli med på ein aktivitet
Det er mange aktivitetar på Vinjerock som du kan melde deg på før festivalen: padlekurs, skeiv snøggtur i lyngen, turmatkurs, SUP-yoga, elvepadling, fjellswing, topptur, multisport og mykje anna.
Det er avgrensa tal plassar, og første person til mølla gjeld. Difor er det lurt å sikre seg plass til aktivitetane du helst vil vere med på. Sjå programmet og meld deg på på her.
4. Korleis kjem eg meg til fjells
Festivalekspressen går frå Oslo bussterminal, Sandvika bussterminal, Bergen bussterminal og Trondheim busstasjon - utan bussbyte, heilt inn til Eidsbugarden på torsdag. På sundagen kan du tinge billett anten du vil attende til utreisepunktet eller vil vidare til ein av dei andre byane! Hovudmålsetjinga er å gje Vinjerockarane ei meir bekymringsfri ferd til og frå festivaleventyret, i tillegg til å redusere antal bilar på landevegen med kurs mot Jotunheimen i midten av juli.
Om du kjem med bilen din til festival, skal den parkerast på Krysset eller Panorama to mil før festivalområdet på Eidsbugarden. Når du nærmar deg Tyinkrysset, vil du sjå skilt til den parkeringa du skal bruke, og folk i gule vestar vil hjelpe deg med å finne plass.
For elbil er det ladestasjonar på Tyinkrysset fjellstue.
Det går skyttelbuss frå festivalparkeringa til festivalområdet. Det er berre torsdag og søndag du har skyttelbuss inkludert i festivalpasset. Avgangstider og meir info finn du på denne sida.
Det er ikkje mogleg for festivaldeltakarar å køyre inn til Eidsbugarden. Parkerer du langs veg, utanfor veg eller på private hyttetomter, blir du taua bort for eiga rekning.
5. Hent armbandet ditt
Billetten frå Ticketmaster byttar du i festivalarmband ved ankomst til festivalparkeringa på Tyin/Tyinkrysset. Følg skilting når du kjem til fjells! Du kan ha billetten din digitalt, eller printa ut. Hugs billetten din og legitimasjon!
Kjem du andre vegar inn til festivalområdet eller med festivalekspressen bytter du bånd på festivalområdet i infoteltet ved inngangen.
Angåande DNT-billettar: desse kan kun nyttas av DNT-medlem og medlemsskap kan du kjøpe deg her.
Opningstider:
Bytte frå billett til festivalarmand på på Tyinkrysset frå onsdag klokka 10:00 og inne på festivalområdet i infoteltet frå onsdag klokka 15:00.
Hugs:
- Del ut billettane dine til dei som skal ha dei, kvar enkelt billett kan kun brukast ein gong
- Ha legitimasjon klar når du kjem
- Torsdag og sundag er bussbillett frå Tyinkrysset og inn til festivalområdet inkludert i festivalpasset ditt
På festivalområdet kan du betale for mat og drikke med kort.
6. Blir du og gjengen din årets camp?
Me kårar årets camp, og deler ut fire festivalpass til den heldige gruppa venner! Her er kriteria for å vinne konkurransen:
-
- De er miljøbevisste og sorterer alt avfall
- Campen lagar god stemning (det er saa viktig å kosa seg)
- Kreativitet
- Mest mogeleg kos, minst mogeleg stæsj (oppblåsbare badedyr vil trekke deg ned i denne konkurransen. Sjølv om flamingoar er søte.)
- De har fokus på sporlaus ferdsel
- De forlet eit ryddig campområde etter festivalen
- De har omsyn for naturvern og trivsel og legg at soundboxen eller lignende høgtalarar som speler på nivå med konsertvolum heime. Ta heller med eit instrument - det trekk garantert opp.
- Ha ei løysning for rask som snusposar, sneipar og anna smårusk me ikkje vil ha i naturen.
- Tagg bilda med #åretscamp og #vinjerock2023 på sosiale media, så finn juryen deg på runda si!
Er det meir du lurar på? Leit under info-fanen på vinjerock.no, eller send oss ei melding på Fjesboki. Der svarer me så godt me kan!