Vinjerock ligg langt til fjells. Med ei god dose tålmod, samkøyring og kollektivtrafikk får Vinjerockarane til det meste likevel.

Sist oppdatert 30. mai 2019

Vinjerock blir arrangert på Eidsbugarden i Jotunheimen, som ligg i Vang i Valdres. Me befinn oss i Sør-Noreg, på fjellet mellom vest og aust. Sjølv tykkjer me det er svært så sentralt, med rundt fire–fem timar til Oslo og Bergen og sju timar til Trondheim.

Festivalen blir arrangert mellom fjella i Jotunheimen, i enden av ein lang grusveg. For at det skal bli ein god festival og infrastrukturen skal fungere, er det viktig at festivaldeltakarane spelar på lag. Korleis kjem du hit?

Ubekymrabuss

Ubekymra-bussane går tur/retur frå Oslo, Sandvika, Trondheim og Bergen – utan bussbyte, heilt inn til Eidsbugarden. Ubekymra-bussen gir vinjerockarane ei meir bekymringsfri ferd mot festivaleventyret, i tillegg til å redusere talet på bilar med kurs mot Jotunheimen i midten av juli.

Den gode festivalopplevinga byrjar allereie på bussen, som hentar deg på den lokale busstasjonen din torsdag morgon. Derifrå sklir du elegant forbi alle køar på vegen mot målet, før du kan slenge sekken på ryggen og rusle bort til festivalcampen.

Søndag føremiddag hentar bussen deg på parkeringsplassen på Eidsbugarden. Alt du treng å gjera, er å pakke telt og rydde camp, før du spaserer ubekymra til bussen som køyrer deg til heimstaden din.

Finn kollektivtransport frå der du er, til Tyinkrysset på en-tur.no.

Billettar til Ubekymra-bussen tingar du på Ticketco.no. 

Samkøyring

Kvart år blir det oppretta ei gruppe på Facebook for samkøyring til Vinjerock. I år finn du den under namnet Vinjeskyss 2019

Festivalparkeringa opnar tysdag før festivalen.

Køyr til Tyinkrysset i Vang kommune, som ligg på E16 mellom Oslo og Bergen. Festivalparkeringa finn du på Tyinkrysset eller Tyin Panorama, to mil før festivalområdet til Vinjerock på Eidsbugarden. Når du nærmar deg Tyinkrysset, vil du sjå skilt til den parkeringa du skal bruke, og folk i gule vestar vil hjelpe deg med å finne plass.

Det er ikkje mogleg for festivaldeltakarar å køyre inn til Eidsbugarden, og parkerer du langs veg, utanfor veg eller på private hyttetomter, blir du taua bort.

For Elbil er det ladestasjonar på Tyinkrysset fjellstue. 

Festivalbuss

Det går buss frå festivalparkeringa til festivalområdet. Det er berre torsdag du har skyttelbuss inkludert i festivalpasset. Avgangstidene blir publisert her når festivalen nærmar seg.

Kjem du før torsdag, må du ta ordinær rutebuss frå Tyinkrysset til Eidsbugarden. Rutetidene finn du på en-tur.no.

Prisar for parkering

Vanleg bil

Tys 16.07. – søn 21.07.: 500

Ons 17.07. – søn 21.07.: 500

Tors 18.07. - søn 21.07.: 500

Fre 19.07. – søn 21.07.: 250

Laur 20.07. – søn 21.07.: 200