Vinjerock har gratis overnatting i dei mest idylliske omgjevnadene me kan tenke oss: ved Bygdin sine breidder omkrinsa av fjelltoppar.

Sist oppdatert 10. april 2024

Festivalcamp

Når du skal overnatte på Vinjerock Campområdet på Vinjerock er ikkje gjerda inn, og du vel sjølv om du vil setja teltet ditt i nærleiken av festlegheitene eller finne roa godt oppi bakken. Toalett og søppelhandtering finn du i nærleiken av dei mest brukte leirområda. Følg skilta som peikar deg i rett retning.

God camp-skikk

  • Vis omsyn til omgjevnadane og 150meters regelen frå hus og hytter. I Noreg kan ein campe kor ein vil, så lenge det er i utmark og minimum 150 meter til næraste bebygning. 
  • Eingongsgrillar og glasflasker er ikkje lov i campen på Vinjerock. 
  • Høgtalarar med høgt lydnivå er ikkje lov i festivalcampen og vil ikkje bli tillete å ta med på festivalbussane. Vis omsyn til andre Vinjerockarar ved å avgrense lydnivået frå din camp. 
  • Det du pakka med deg skal bli med heim. Og det du vel å levere som avfall skal og ned frå Eidsbugarden. Difor ber me deg hugse på at alt utstyr du vel å frakte til Vinjerock, skal du og kunne frakte heim sjølv. 
  • Praktiser god avfallshantering. Syt for å ikkje kaste avfall i naturen. Samle det i poser de får frå bussvertene og lever ved næraste søppeldunk. Dette inkluderar og tyggis, snus, sneiper og boksringar. 
  • Rydd naturelementer de har flytta på. Steiner, tømmerstokker eller lignende dere har brukt, plasseres tilbake der dere fant det. Da blir det fint også for de som kommer etter dere.
  • Eingongsgrillar og glasflasker

Matlaging i camp

Mellom 15. april og 15. september er det generelt bålforbod i Noreg. På Vinjerock har me bestemt at det ikkje er greit å lage opent bål av omsyn til tryggleiken. Primus kan nyttast med aktsamheit.

Det kjem til å vere eit merka matlagingsområde nede ved vatnet under Vinjerock. Der står det fellesgriller som er varme mellom 15:00 og 17:00 torsdag, fredag og laurdag. Her kan du lage mat saman med andre glade vinjerockarar, og bruke primusen din ein plass der det ikkje er fare for å setje merke på bakken. Slett ikkje dumt for naturen, ekstra hyggeleg for deg.

HC-camp

Festivalcampen er stort sett i ulendt terreng med stein, stigar og briskekratt. Difor har Vinjerock reservert eit eige område som er tilrettelagt for dei med funksjonsnedsetting. Der er det flat grasplen og enkel tilgang frå vegen. Området ligg mellom Fondsbu og Eidsbugarden Hotell og er merkt med skilt. 

Lavvotell 

Kom til ferdig oppsett lavvo på torsdag, og slepp styret med å pakke han ned igjen sundag morgon. Det fiksar nemleg me! Alt etter kor mykje komfort du vil ha, kan du tinge med alt frå vedfyring til feltsenger og liggjeunderlag. Kvar lavvo tek 6–8 personar, alt etter kor romsleg de vil ha det. 

Booking kjem

Praktisk info

Pris kjem

Lavvoen har plass til 6-8 personar, men me anbefalar 6 personar. Lavvoen har golv, vedomn og ein vedsekk inkludert i leia. I tillegg kan dette tingast separat:

  • Liggeunderlag 
  • Feltseng  (OBS! Skal du ha feltsenger i lavvoen er det berre plass til 4 personar/4 feltsenger.)
  • Meir ved kan kjøpast undervegs i festivalen

Innsjekk og utsjekk

Innsjekk: torsdag mellom kl. 11.00 og kl. 17.30, send oss en mail på post@vinjerock.no om de ynskjer seinare innsjekk.

Utsjekk: Sundag kl 12:00

Lavvotellet har eigen bemanna «resepsjon», som bistår i løpet av helga ved behov for service og bistand.

Tak over hovudet? 

Fondsbu Turisthytte

Turisthytte med sjel og verdas beste kanelsnurrar, driven av Solbjørg Kvalshaug (og DNT) på Eidsbugarden. Nettside finn du her!

Tyinholmen 

Turisthytte eit par kilometer frå Eidsbugarden, for deg som tykkjer det er greitt med ein rusletur i kveldinga. Nettsida? Her.