Vinjerock 2020 byrjar å ta form. Er du klar?  

Sist oppdatert 25. mars 2020

Vinjerock 2020 er utseld!

Dei 3000 billettane til Vinjerock 2020 vart seld ut med ei gong dei vart lagt ut i slutten av november 2019. Det betyr at ingen billettar er tilgjengelege til årets festival. Har du kjøpt billett? Meir om vilkåra for aldersgrense ser du i faktaboksen lenger ned på sida.

Vakt deg for svindel!

Diverre ser vi stadige forsøk på å svindle håpefulle Vinjerockarar ved å by dei billettar når nokon legg ut. Vi kan ikkje tilråde at ein kjøper billettar frå folk ein ikkje kjenner. 

Enn så lenge er det berre ordrebekreftelse som er sendt ut på mail. Sjølve festivalpasset kjem på mail seinare i vår, så enn så lenge er det ingenting å selge. 

Me gjer merksam på at det er ulovleg å selja og kjøpe billettar på svartebørs til overpris, og me oppmodar deg om å rapportere alle svindelforsøk til oss på e-post: carl@vinjerock.no.

Vinjerock og covid-10

Vinjerock kjem til å oppdatere nettside og andre kanalar så snart vi har nytt om korona-viruset og korleis tiltaka mot det vil påverke årets festival. Vi vil oppmode alle til å ha is i magen, og unngå å selge billettar til andre. 

Vi kjem tilbake til kva som vil gjelde dersom Vinjerock 2020 ikkje kan arrangerast. Vi gjer dykk merksam på at Ticketmaster kun kan refundere, om det skulle bli aktuelt, til personen som står på ordrebekreftelsen av festivalpasset. 

6 kjappe om festivalpassa til Vinjerock 

Festivalpass 2020: kr 2250 + billettavgift.

Kvar person kan berre kjøpe fire billettar om gongen.

Nedre aldersgrense for å kjøpe festivalpass er 16 år. Det er ulik farge på armbanda til dei under og over 18 år. Er du under 16 år må du ha følge av føresette.

Born under 12 år: Gratis i følge med føresette m/festivalpass

Det er ikkje mogleg å kjøpe dagsbillettar til Vinjerock. 

Alle billettane inkluderer festivalbuss t/r parkeringsplassane på Tyin torsdag og søndag, samt festivalcamp.

Følgepersonbevis («ledsagerbevis»)

Alle som har følgepersonbevis, kan få med seg ein følgeperson på festivalen. Følgepersonen må akkrediterast på førehand og hentar armbandet til festivalen i infoteltet ved inngangen til festivalområdet. Personen med følgepersonbevis må vera med når følgepersonen hentar armbandet sitt.

Akkrediteringsskjema kjem våren 2020. 

For spørsmål, kontakt carl@vinjerock.no.

Selge festivalpass videre?

Vinjerock tek ikkje ansvar for billettar som er kjøpt frå andre personar eller gjennom ikkje-autoriserte salskanalar (svartebørs eller privatpersonar). Ver merksam på at det i første omgang kun blir sendt ut ein ordrebekreftelse, og den fungerer ikkje som festivalapss. Billettar eller festivalpass blir sendt ut til våren. 

Dersom du vel å kjøpe billett på anna vis, ver sikker på at billetten er ekte og at seljaren ikkje har forsøkt å selja han til fleire. Ikkje betal meir for billetten enn han i utgangspunktet kostar + billettavgift. 

Har nokon kjøpt billetten for deg, og namnet til vedkomande står på ordrebekreftelsen? Det har ikkje noko å seia i praksis, så lenge billetten din er ekte (kjøpt via Ticketmaster).

Armband og refusjon 2017-2019

Om du har penger til gode frå armbandet i 2019 kan du registrere armbandet ditt her og be om manuell refusjon. 

Har du pengar til gode på armbandet frå 2017 eller 2018? Send ein epost til post@vinjerock.no