Du kan vera fersk eller gamal Vinjerockar, me vil likevel gi deg nokre tips på vegen opp i fjellheimen.

Sist oppdatert 17. juli 2022

Mang ein Vinjerockar har vore både våt og kald når kvelden lir på, vårt mål er at du skal vera så tørr, varm, mett og tilfreds som mogleg når dagen er omme! Me anbefalar at du pakkar sekken godt og ikkje har mykje laust utanpå sekken - det gjer det lettare for både deg og pakkinga av skyttelbussane som går frå parkeringa og inn til festivalområdet. 

Hugs at det du har med deg inn i fjellheimen ôg skal vere med deg heim etter festivalen. 

Viktigst av alt:

Billetten din, legitimasjon (og gyldig medlemsprov hjå DNT om du har kjøpt rabattert billett via dei)

Klede, sko og slikt

Ull er gull! Legg igjen finskjorta heime og kle deg praktisk (og for all slags vêr)!

Lurt å ha i sekken er:

  • Ullundertøy (eit par lag)
  • Ullføsslo (Ullsokkar- fleire par)
  • Mellomlagsplagg i ull eller fleece
  • Dunjakke (sjekk vêrmeldinga)
  • Vasstett/vindtett jakke
  • Vasstett/vindtett bukse
  • Fjellstøvlar eller likande
  • Joggesko
  • Vottar og vantar
  • Skjerf/hals
  • Lue/anna hovudplagg som held toppen varm
  • Handkle og svanemerka såpe for eit forfriskande bad i Bygdin
  • Toalettsaker
  • Solbriller (me håpar på sol)
  • Badekle (Bygdin ventar)
  • Shorts/t-skjorte (i tilfelle godt vêr)
  • Godt liggeunderlag og god sovepose - hugs at det blir kaldt om natta
  • Stødig telt

Ting du òg bør hugse å ta med deg

  • Kart og kompass
  • Myggolje
  • Primus/kokeapparat (vis omsyn og syt for sikker handtering av utstyret)
  • Toalettpapir (NB! Kast det i søpla, ikkje i naturen)
  • Fyrstikker
  • Solkrem
  • Våtserviettar
  • Termos
  • Kontantar og bankkort
  • Hovudlykt
  • Vinjerock.no for å få med deg nyttig informasjon

Og sist men ikkje minst: Ta med godt humør og feststemning!

Ting du kan leggje at heime

Av omsyn til tryggleik, naturvern og trivsel har vi nokre reglar for kva ein ikkje kan ta med seg eller gjere i festivalcampen: 

  • Eingongsgrillar
  • Glasflasker
  • Høgtalarar som speler med eit lydnivå som nærmar seg konsertvolum
  • Bålbrenning - nytt heller fellesgrillen vi set opp ved stranda