Musikk

Musikken er hovudessensen i Vinjerock. Totalt speler 25 små og store artistar på tre ulike scener i løpet av festivalhelga. Bookingarbeidet byrjar på hausten, og foregår fram til påsketider. Dei største artistane blir vanlegvis sluppe tidleg på nyåret. Hugs at du alltid kan koma med artistynskjer på Facebooksida vår!

Artistoversikt

Vinjerock har til no booka 11 av totalt 25 artistar til festivalen.

fredag kl 23:30
Kaizers Orchestra

Gjer klar pumpeorgelet, leit fram gassmaska og deng laus på næraste oljefat. Noregs kanskje beste liveband har meldt sin ankomst til Eidsbugarden i sumar.

Janove Ottesen, Geir Zahl, Terje Winterstø Røthing og resten av Kaizers Orchestra er midt inne i den særs ambisiøse triologien «Violeta, Violeta», og har sett opp ein musikal basert på karakterar frå Kaizers-universet.

Bandet har halde det gåande sidan år 2000, og etter heile sju album kan dei syne til hits som «Ompa til du dør», «Kontroll på kontinentet», «Die Polizei» og «Hjerteknuser».

I sumar tek dei turen til fjells og kjem garantert til å vera eitt av høgdepunkta under Vinjerock 2012.

www.kaizers.no

Tidspunkt: TBA
Sondre Lerche

Sølvstrupa frå Bergen har teke sjumilssteg sidan debuten i 2001, men allereie på fyrsteskiva var det umogleg å ikkje merke seg det særeigne talentet.

Sondre sitt songskrivartalent var ikkje heilt ulikt legender som Elvis Costello og Burt Bacharach. Elleve år og seks album seinare er fetteren til Lars Vaular betre enn nokon gong. Hans sjuande og sjølvtitulerte album hausta strålande anmeldelsar verda rundt, og han fekk spele live på The Letterman Show for andre gong i karriera. Og om Lerche er fantastisk på plate, er han om mogleg endå betre på scena.

Det er ingen grunn til å sove på nåler: Sondre Lerche har meldt sin ankomst til Vinjerock 2012.

www.sondrelerche.com

Tidspunkt: TBA
Staut

Dei lokale heltane i Staut gjer sin einaste konsert i Valdres sumaren 2012 på Eidsbugarden, til glede for dei fjellfriske Vinjerockarane.

Folkrock frå Valdres har sett djupe spor på radiolistene det siste året. Bandet har til og med våga seg frampå med Valdres-versjonar av Steve Earle-låtar. Dette gjer Staut så bra at tangentmann Ørnulf Juvkam Dyve har fått målprisen frå Valdres mållag for sine tekstar på lokal dialekt. Deira sjølvtitulerte debutalbum fra 2009 samla høge terningkast over heile linja. Også hovudstadspressa lot seg imponere av valdresgjengen i Staut. VG meinte at få norske band er flinkare til å inkorpere både norsk og amerikansk folkemusikk med pop og rock då dei anmeldte andreplata «Eigarlaus», som kom no i haust. Av og til kan det vera greit å syne byfolket korleis lokale heltar gjer det.

www.staut.no

Tidspunkt: TBA
Montée

Noregs mest potente superpopgruppe Montée kjem endeleg til Vinjerock. Anders Tjore frontar gruppa som gjer «flinkis»-omgrepet ei positiv tyding.

Tjore trakterar gitar og vokal, og flankerast av Maya Vik frå Furia på bass og Erlend Mokkelbos frå JR Ewing på gitar. Bak trommesettet finn du Marius Simonsen og på tangentar Haakon-Marius Pettersen. Debutalbumet «Isle of Now» fekk Spellemannprisen i 2009 for beste popalbum, og oppfølgjaren «Reeindition of You» blei sluppen i 2011. Musikkjournalistar landet over har trilla femmarar og seksarar på terningen for Oslobandets progressive popmusikk på plate, men Montée er verkeleg eit band ein må oppleve i levande live. Montée er smart, catchy og ikkje minst: Dansbart

monteemusic.wordpress.com

Tidspunkt: TBA
Jonas Alaska

Det er mange debutantar som får eit klaps på skuldera og skryt for heiderleg innsats når dei slepp sine fyrste album.

Men sjeldan presenterer dei noko så heilstøypt og kvalitetssterkt som Jonas Alaska. Jungeltelegrafen byrja å gå under by:Larm 2011, og dei som fekk med seg konsertane var sikre på at dette ikkje var snakk om noko døgnfluge. Etter platesleppet hausten 2011 har det gått i eitt for den tidlegare LIPA-studenten. Det er vanskeleg å komma utanom Bob Dylan-referansane, men her finns det meir enn nok eigenart. Det er få, om nokon, andre i den norske popfaunaen som snekrar betre låtar enn Jonas Alaska, og under Vinjerock 2012 garanterar me gåsehud!   

www.myspace.com/jonasalaska

Tidspunkt: TBA
Rumble in Rhodos

Oslogutane i Rumble in Rhodos er som veteranar å rekne på den norske hardcore-scena. Sidan den spede byrjinga i 2003 har dei vore undergrunnsfavorittar

Debutalbumet «Own Me Like The City» kom i 2006, og fekk akkurat som dei to neste skivene svært rosande omtale av pressa. I 2011 kom eit aldri så lite gjennombrot for Rumble in Rhodos. Med sitt tredje studioalbum «Signs of Fervent Devotion» var utrykket modna og trefte eit breiare publikum enn tidlegare. I følgje VG var det «Spekka med gode, hissige melodilinjer» og Aftenposten meinte at bandet er «noko av det mest interessante som skjer i norsk rock akkurat no». Ein ting er sikkert: Rumble in Rhodos kjem til å rocke skalljakka av deg på Eidsbugarden!

www.rumbleinrhodos.com

Tidspunkt: TBA
Bare Egil Band

Vert det ein eigen Vinjerock-song? Kva kostyme skal han spele i? Får vi høyre om Arne? Ein veit aldri heilt kva ein får når ein skal på konsert med Bare Egil Band.

Men noko kan ein ta for gitt: Det kjem til å bli vanvittig artig! Egil Hegerberg har spelt i eit absurd antall band innan Duplex-universet. Bland dei meir kjende er Black Debbath, Thulsa Doom, Hurra Torpedo og ikkje minst Gartnerlosjen.

Men det vert ikkje berre Bare Egil Band ståande einsam på scena ved Eidsbugarden. Han tek like godt med seg El Cuero som backingband. Forvent satirisk rock og visepop av aller ypperste sort og ein sår ballade om sko!

www.bareegilband.no

Tidspunkt: TBA
Ila Auto feat. Aasmund

Kva er vel meir naturleg på Vinjerock enn tekstane til Aasmund Olavsson Vinje framført frå scenekanten - i rotekte bluegrassdrakt?

Ila Auto tok utfordringa på strak arm, og framfører eksklusivt Vinjes tekstar med herlege bluegrasstonar attmed. For dei som ikkje kjenner Ila Auto vil Vinjerock 2012 vera eit glimrande høve til å bli betre kjend med eit av landets aller beste bluegrassband. Det Spelemannsvinnande bandet frå Vestfold har sidan 2006 sluppe tre album, og turnert landet over. Langt over 400 konsertar med banjo og vaskebrett har ført dei opp i toppsjiktet av landets liveband.

www.ilaauto.net

Tidspunkt: TBA
El Cuero

Brynjar Takle Ohr har som frontmann i El Cuero vorte ein vaskeekte gitarhelt, og etter berre tre album er Kristiansundsgutta blant landets beste liveband.

Den sjølvtitulerte debuten frå 2005 ga Noreg eit amerikana-lokomotiv fostra på Neil Young & Crazy Horse som ingen kunne stogge, og oppfølgjarane A Glimmer of Hope og From Mountains to Sand produserte radiohits som This Town og No Seats At The Fillmore.

Egon Holstad sumerar det heile ganske godt: «Takk og lov for at El Cuero finst. Hvis ikkje hadde vi måtte ha funne dei opp».

www.el-cuero.com

Tidspunkt: TBA
Fagernes Yacht Klubb

I 2012 blir det endeleg stovereint å ta med seg yachten og sjøsetje den på Bygdin. Straka vegen frå Bergen kjem kongerikets «smoothaste» band.

Fronta av Håkon Njøten og med medlemmar frå The New Wine og Kakkmaddafakka speler dette 10 mann sterke ensemblet berre dei aller feitaste coverlåtane. Her snakkar vi Africa (Toto), Peg (Steely Dan), Don't Stop Believin' (Journey) og I'm Not in Love (10cc). Bandet var i utgangspunktet eit tingingsverk til klubbkonseptet Yacht Rock i Bergen, men Vinjerocks publikum kan prise seg lukkelege for at dette ikkje vart eit eingongstilfelle. Så syt for å ta med seilarsko og matroslue, og la Noregs svar på Doobie Brothers ta deg med ut på djupt vann.

Tidspunkt: TBA
Ugle

Det finst ikkje mange band som har skrive eigne låtar om fjella i Vang. Men det har Ugle gjort, og det utkåra fjellet heiter Grindafjell. Klart dei må spela på Vinjerock.

Vangsgjeldingen og LIPA-studenten Jogeir Daae Mæland trakterer gitaren i bandet, og er oppvaksen ved foten av det nevnte fjellet. Difor er det kanskje ikkje så rart at det har sett spor. Ugle spelte på Pstereo-festivalen i Trondheim hausten 2011, og i juli spenner dei på seg fjellskoa for å trollbinde Vinjerockarane på heimebane.