Spørsmål og svar

Generelt

Festivalområdet opnar torsdag klokka 14:00.

Vinjerock set opp festivalekspressen frå Oslo, Sandvika, Bergen og Trondheim som går heilt til festivalområdet! 

Ellers kan ein ta kollektivtransport via Valdresekspressen, eller køyre og parkere på Tyin. Dei som parkerer på Tyin har inkludert skyttelbuss inn til festivalområdet på Eidsbugarden torsdag og retur sundag i festivalpasset sitt.  

Ja, det kan du - under visse føresetnader: Hundar slepp ikkje inn på sjølve festivalområdet. I campen kan du ha hund, så lenge den ikkje er til sjenanse for andre gjester. I Vang kommune er det bandtvang mellom 1. april og 31. oktober. Det er ikkje tillate med hund på festivalbussen, på grunn av busselskapet sine krav til allergiomsyn. Eigen transport kan tingast hjå transportsjef Håkon Boye Berven, på e-post: hakon@vinjerock.no

Ja, det har me! Det skal vera mogleg å finne noko godt å eta til fjells sjølv om ein har allergiar. Menyen er spikra nærare sumaren, og då finn du den her. 

Det vil og vere mogeleg å leige powerbank hjå Chargo, last ned appen, logg inn med Vipps, så har du strøm!

Av omsyn til tryggleik, naturvern og trivsel har vi nokre reglar for kva ein ikkje får ha med seg eller gjere i festivalcampen: 

Eingongsgrillar
Glasflasker
Høgtalarar som speler med eit lydnivå som nærmar seg konsertvolum som for eksempel Soundbox
Bålbrenning - nytt heller fellesgrillen vi set opp ved stranda

Det er lov å nytte primus, men vis omsyn og syt for sikker handtering av utstyret. 

PAKKELISTE

Du kan vera fersk eller gamal Vinjerockar, me vil likevel gi deg nokre tips på vegen opp i fjellheimen.

Mang ein Vinjerockar har vore både våt og kald når kvelden lir på, vårt mål er at du skal vera så tørr, varm, mett og tilfreds som mogleg når dagen er omme!

Viktigst av alt:

Armbandet ditt, legitimasjon (og gyldig medlemsprov hjå DNT om du har kjøpt rabattert billett)

Klede, sko og slikt

Ull er gull! Legg igjen finskjorta heime og kle deg praktisk (og for all slags vêr)! Lurt å ha i sekken er:

  • Ullundertøy (eit par lag)
  • Ullføsslo (Ullsokkar- fleire par)
  • Mellomlagsplagg i ull eller fleece
  • Dunjakke (sjekk vêrmeldinga)
  • Vasstett/vindtett jakke
  • Vasstett/vindtett bukse
  • Fjellstøvlar eller likande
  • Joggesko
  • Vottar og vantar
  • Skjerf/hals
  • Lue/anna hovudplagg som held toppen varm
  • Handkle og svanemerka såpe for eit forfriskande bad i Bygdin
  • Toalettsaker
  • Solbriller (me håpar på sol)
  • Badekle (Bygdin ventar)
  • Shorts/t-skjorte (i tilfelle godt vêr)
  • Godt liggeunderlag og god sovepose - hugs at det blir kaldt om natta
  • Stødig telt

Ting du òg bør hugse å ta med deg

  • Kart og kompass
  • Myggolje
  • Primus/kokeapparat
  • Toalettpapir (NB! Kast det i søpla, ikkje i naturen)
  • Fyrstikker
  • Solkrem
  • Våtserviettar
  • Termos
  • Kontantar og bankkort
  • Hovudlykt
  • Vinjerock.no for å få med deg nyttig informasjon

Og sist men ikkje minst: Ta med godt humør og feststemning!

Ta med svanemerka såpe og ta eit forfriskande bad i Bygdin! Er det verkeleg behov for ein dusj, kan du tusle over til Tyinholmen turisthytte, der du kan kjøpe deg nokre minutt rennande vatn. Dei tek kort og du betalar i resepsjonen.

Me er langt inne i fjellheimen og da er det telt som gjeld! Men kva er vel betre enn å titt ut av teltåpninga og få sol i fjeset om morgonen? 

Vinjerock har ein festivalcamp kor det er gratis å setje opp telt/lavvo, eller du kan booke ferdig oppsett lavvo i Lavvotellet. Les meir om det her.

Vinjerock er ein fin festival for barnefamiliar, men barn må vere i følge med foresatte og ikkje aleine inne på festivalområdet. Velkomen skal de vere!
Transport

Du kan anten ta festivalekspressen frå Bergen, Oslo, Sanvika eller Trondheim, den går heile vegen inn til festivalområdet torsdag og går retur til dei same byane frå festivalområdet sundag. 

Kjem du til Vinjerock via anna kollektivtransport eller med bil tek du skyttelbuss frå parkeringsplassen på Tyin og inn til festivalområdet. Billett er inkludert i festivalpasset ditt torsdag og sundag.

 Meir info finn du her.

Parkering finn du på Tyinkrysset/Tyin, oppdatert informasjon om det finn du her!

Utan tvil: Festivalekspressen! Festivalekspressen går frå Oslo, Sandvika, Trondheim og Bergen, og tek deg heile vegen inn til festivalområdet på Eidsbugarden. På søndagen hentar den deg inne på festivalområdet att. Billett og tider finn du her.

Nærmaste ladar for el-bil finn du på Tyinkrysset fjellstue.  

Nei, det er korkje mogleg å køyre bilen inn til Eidsbugarden eller parkere han der. Me er midt inne i ein nydeleg nasjonalpark, så her er teltet din beste ven

Festivalpass

Vinjerock sel billettar via Ticketmaster og det er mogeleg å nytte seg av Resale hjå dei.

Resale sikrar at vidaresal av billettar er trygt for både kjøpar og seljar. For å finne Resale-billettar må du logge inn på din brukarkonto og søkje opp Vinjerock på Ticketmaster, der vil du finne eventuelle ledige Resale-billettar. Les meir om det her!

Alt kjøp og sal av festivalpass utanom Vinjerock sine offisielle billettilbyder, Ticketmaster, skjer på eige ansvar. Les Forbrukartilsynet sine tips for feller du må unngå!

Festivalarmbandet får du sett på ved ankomst til festivalparkeringa på Tyinkrysset/Tyin. Følg skilting når du kjem til fjells.

Kjem du andre (sjø)vegar inn til Eidsbugarden får du bytta billett til armband i infoteltet.

Festivalpasset er billetten din til skyttelbussen inn til Eidsbugarden. Hugs billetten din og ID! Du kan ha billetten digitalt eller printa ut. 

Nei, me legg ut billettar til Vinjerock i byrjinga av desember og det kjem ikkje fleire billettar ut for sal. 

Vinjerock 2023 er utseld.

Her står all info om billettsalet!

Frivillig

Ein må rekne med å måtte jobbe ein del under festivalen, men me prøver å leggje til rette for at alle frivillige får ein heil dag fri til å nyte festivalen i sin heilskap. Sjølve arbeidsmengda er litt avhengig av kva arbeidsgruppe du søkjer på, men for oss i Vinjerock er det viktig at du som frivillig har ei minst like god festivaloppleving som resten av publikum. Alle får ei god blanding av både jobb og festival!

Vinjerock vert arrangert på Eidsbugarden ved inngangsporten til Jotunheimen 1060 moh, så innkvarteringsmoglegheitene er noko begrensa. Du vert difor oppfordra til å ta med eige telt/lavvo eller likande (evt. lån deg eit) om du vil ha tak over hovudet. Det er gratis teltplass til alle i festivalcampen og det finns moglegheiter for å turke klede på Fondsbu og lade mobiltelefonen på fleire ladepunkt på festivalområdet og med batteribank du får leige i Krambua.

Ved ankomst Eidsbugarden vil du finne frivilligmottaket i same telt som Infoteltet/Inngangsteltet. Me satsar på å opne for frivilligregistering allereie onsdag kveld, nærare beskjed vil bli gjeve via SMS. 

Festivalarmband til dei frivillige vil bli utdelt i frivilligmottaket ved inngongen til festivalområdet ved ankomst Eidsbugarden. 

Som frivillig på Vinjerock må ein som hovudregel møte opp i god tid før fyrste vakt. Det vil seie at har du vakt i løpet av torsdagen så møter du opp torsdag føremiddag. Frivilligmottaket vil vera opent stort sett heile helga.  

Me reknar med at dei fleste av dykk vil oppleve mest mogleg av festivalen, så me anbefalar at alle møter opp torsdag og blir heilt til sundag. Ein kan sjølvsagt reise før om ein er ferdig med sine tildelte vakter.

Om det krevst heilt spesiell opplæring til gruppa du skal jobbe på så er du sjølv ansvarleg for å møte opp til denne. Dette er individuelt for kvar gruppe, og du får beskjed frå gruppeleiar i god tid på førehand.

Korleis du kjem deg til Eidsbugarden vel du sjølv, men me oppfordrar til bruk av kollektiv transport/festivalekspressen eller at ein samkøyrer med dei du eventuelt skal reise med. 

Når du kjem fram til festivalparkeringa på Tyinkrysset/Tyin får du gratis parkering og sjølvsagt gratis festivalbuss inn til Eidsbugarden. Bussane vil gå i shuttletrafikk mellom festivalparkeringa og Eidsbugarden frå kl. 10 torsdag føremiddag. Ved vakt tidlig torsdag blir det organisert innkøyring onsdag kveld. Din gruppeledar gjer nærmare beskjed.