Historie

2023

Blaute, glade og varme 

Kor godt det var å sjå glade Vinjerockarar strømme ut frå bussane og inn på Eidsbugarden i sumar! Me skal ikkje skryte av at sola skein på dei under Vinjerock 2023, men ho var framme å helste på oss. Men det gjekk no bra, for Vinjerockarane er så gode på halde seg heite!

Det var tre dagar til ende med fest og moro, spanande samtalar, høge toppar, lefsebaking, mette magar og blide folk frå nær og fjern. Det vart liflege tonar i år ôg - det sørgde mellom anna Feber, ARY, Hellbillies, Lars Vaular, Beharie, Embla and The Karidotters og SKAAR for. Stemninga stod i taket då overraskinga entra scena, nemleg gutane i Kakkmaddafakka.

Og me må få skryte av stemninga i campen, det er sjeldan kost å sjå så masse fine folk invitere til bacalao, spekemat med noko attåt eller korsong. Me elskar dykk! 

Heile kalaset ble avslutta på flottaste vis då me dansa oss inn i sumarnatta saman med Indieseksuell & Lisa&Lisa. Velkomen attende kjære Vinjerockarar! 

 

 

 

Artistar

Aasmund Nordstoga
Article 3
ARY
Beharie
Blomst
Dina Ögon (SE) 
Drongo
Embla and the Karidotters
Feber
Gutu Abera
Hellbillies
Indieseksuell & Lisa&Lisa 
Lars Vaular  
Mall Girl
Morstaq
No.4
Oslo Ess
Kakkmaddafakka
Rick Grove
Selma French
SKAAR
Signe Marie Rustad
Slomosa
Thea & The Wild

2022

Vinjerock er tilbake. Og for eit comeback!

Endelig var me samla til fjells att! Og for eit etterlengta gjensyn. Sola tykte det same, for ho skein på oss tre dagar til endes (med ein regnskyll for å kjølne ned den heite stemninga utpå laurdagen der). Me starta rolig ut, med Sigrid Sandberg som fortalte om å ro gjennom landets lengste fjord. Derfrå gjekk tempoet opp opp opp, med Silent Disco der heile publikum synte fram både moves og allsangnivå. Ora The molecule, popkongen Metteson og Valkyrien Allstars heldt publikum heite utover kvelden, før Miss Tati emd sitt Angola 70 prosjekt fekk varmen og dansefoten i gang i heile hurven. Og så; skambankt. Deilig, deilig rock, for eit deilig deilig publikum.

 So kom fredagen og berre “eg er ikkje noko dårligare”. Vinjerockarane gjekk mann- og kvinne av huse for å kome seg til fjells og plaske rundt i Bygdin. Og Vinjepride, då. Rekordmange Vinjerockarar stilte opp med glitter og flagg og rusla saman i ånd og kropp opp til reinen. Fleire hundre mennesker i eit fargerikt tog med utsikt over fjellheimen, og på toppen ein vakker appell frå Mats Grimsæth, song frå Kore-campen og nokre ord frå festivalsjef Sigrid Skjerdal. Fjellet er for alle, og kjærleiken like so. Me er varme hjartet og lukkelege over at Vinjerockarane er så gode. Nede på festivalområdet vart det quizza med sjefane Mia og Cider-Stig, og solsteikte hjerneceller fekk køyrt seg. Sondre Lerche sendte eit brus av glede med energinivået sitt, før Emil Karlsen innleia musikk-kvelden med samiske tonar. Musti tok Tøyen til fjells. Festialområdet vart sett i brann med brenn. Emilie Nicholas og Aiming for Enrike var balsam for øyrer og dansefot. Men kva er dette? Ein Hellbillies-bil var skoda på området. Kunne det vera overraskinga? Neida! Det var Riv i hjertet, stige og stjerner i augo då Sondre Justad tok Vinjerockarane på senga. 

Festivalområdet vakna til liv siste dag. Intersport-teltet opna glidelåsen, og reperasjonsstova til Bergans og DNT Ung  fiksa glidelåsar i naboteltet. Det var kurs i turmat og fjellets vakre vekstar, i godkar-stykkjo og ølsmaking. Det var turar til Falketind og Uranostind for å helse på sjela til Aasmund Olavsson Vinje som etter sigande flaksar rundt der oppe, og turar med terrengrullestol til Torshammaren og ut i camp. Laurdag var ein heil gjeng galningar i aksjon under Multisporten. Dei er no litt løgne, der dei spring rundt i fjellet med fanden i helane. Men i mål kom dei, og der fekk dei suppe og stor jubel. Me gløymer seint kvelden som kom med sølepyttar til å hoppe i, og grendehus-funk frå Fieh og gjengen. Med Daufødt, Sara Parkman, Kamara, Gundelach og eit fyrverkeri av ei bergenskvinne ved namn Gabielle var Vinjerock ein festival for historia. Me dansa oss inn i natta til Mamdu og Adipop sine beats, og gler oss stort til neste år.

Artistar

Adipop
Aiming For Enrike 
brenn. 
Combos
Daufødt 
Demokratisk Dansegulv 
DRAMAqueen
Emilie Nicolas
Emil Kárlsen
Fieh 
Gabrielle
Gundelach 
Ingeborg Onstad
KAMARA 
Mamdu
Metteson 
Miss Tati's Angola 70
Musti
Ora The Molecule
Sondre Justad
Sara Parkman (SE)
Skambankt
Sondre Lerche
Valkyrien Allstars

2021

Det året me vart grønsaksbønder! 

Vinjerock 2021 blei nok eit annleisår for Vinjerock, me fekk ikkje invitert staute fjellfolk til 1060 meter over havet dette året heller. Men det betyr ikkje at me låg på latsida! 

I påvente av festival tok me fatt på nye aktivitetar, og flytta festen 500 høgdemeter ned. Rundt tre mil frå festivalområdet, og midt i mellom fjellveggene i Vang laga me vår heilt eigen festivalhage. Målet var å sjå kva for nokre grønsaker som voks best på 480 meter over havet, og teste kompostering av eingangsartiklar på eigen hand. 

I september inviterte me til Haustakkefest og konsert med Fieh på Sommerhotellet i friskt haustver. Saman med Frisk Forlag, Tyinlam og Sommerhotellet arrangerte me marknadsdag i Vang, der fekk me besøk frå fleire forfattarar og nydelige tonar frå folkemusikar Ingeborg Onstad. 

Me avslutta året med ein nydeleg julekonsert med Silver Belles i Vang Kyrkje - ei skikkelig god oppvarming for festivalsumaren 2022. 

 

Artistar

Ingeborg Onstad
Fieh
Silver Belles

2020

Då verdshendingane råka Vinjerock

2020 vil vere eit år som står seg ut i historia, ikkje berre Vinjerock si, men heile verda. I mars 2020 vart heile Noreg stengt ned som fylgjer av Covid-19 pandemien og Vinjerock var sjølvsagt ikkje unnateke. 

Covid-19 smittar i lufta, og det vart bestemt at det ikkje kunne bli festivalar i Noreg, som eit av mange tiltak for å halde smitta i sjakk. Vi måtte difor med tungt hjarte melde at Vinjerock 2020 vart avlyst og vende nasen framover.

For kva kan ein gjere når ein ikkje får samle fleire enn 200 menneske med god avstand og tilbakehalden partyfaktor? Kompensasjonsordningar peila oss inn, og endte opp i "Din eigen Vinjerock" og "Ferdamini" 

8. august 2020 møtte lokale Vangsgjeldingar, Valdriser og hyttefolk opp på Tyinholmen fjellstue for å sjå Ingebjørg Bratland og 9 Grader Nord i strålande solskin med vatnet Tyin som bakteppe. Heime kunne ivrige Vinjerockarar rigge seg til med eit streama heildagsprogram som gav dei essensen av Vinjerock; Vinjepride, yoga, førstehjelpskurs med DNT, Bingo, konkurransar, matlaging og sjølvsagt livestream av konsertane på Tyinholmen. Den frivillige staben samla seg for fyrste gong på lenge og leverte eit trygt og gjennomført arrangement som vart ei lita oase i eit kaotisk år. 

Publikum og frivillige har stått last og brast med oss, og vi er audmjuke og takknemlege for alle som seier dei kjem på Vinjerock neste gong. Vi rettar og ein stor takk til samarbeidspartnarar, frivillige og andre støttespelarar som har trua på oss og at vi kjem sterkt attende. 

I skrivande stund, eit år etter i mars 2021, er verda fortsatt prega av pandemien. Men vaksinering gjev oss håp mot sumaren, og vi vonar å sjåast på Eidsbugarden 22. juli - 25. juli 2021. 

Artistar

9 Grader Nord
Ingebjørg Bratland

2019

Det året me sjekka at ekte vinjerockarar er vasstette.

Jess, for eit program. Asbjørn Slettemark tok turen til fjells dette året og, og sette populærkulturen på spissen med høgkulturelle gjester. Det vart historiar om flatfyll og vakre konsertopplevingar, og eit publikum som lo seg skakk. 

Frå scena gjorde Vinjefolk nok ein gong suksess. I år var ikkje kvervlande støv eit problem, for ei skikkelig rotbløyte av eit regnvêr dumpa ned over Eidsbugarden. Men det gjekk så fint, så fint, for Vinjerockarane hadde kledd seg med både støvlar og sydvest. 

Rotbløyta vart avslutta med eit par timar med Karpe-magi mellom fjella. Sjeldan har vel så mange Vinjerockarar jubla så samstemt, og konserten gjekk inn i historia som ein av dei største. Vel møtt i 2020, godtfolk.

Artistar

9 grader nord
Aurora - Boy Pablo
DJ Herkules & Silje Larsen Borgan
DJ Koselars
Emir
Get Dancy
Hajk
ISÁK
Johanne Flottorp
Karpe
Kickslip
Ladama (VE, BR, CO, US)
MaidaVale (Sv)
Malin Pettersen
Moon Hooch (US)
Ondt Blod
Orions Belte
Phlake (DK)
Pom Poko
Real Ones
Sigrid
Thea Hjelmeland
The Gamasamas
Tonje Halbjørhus
Vinjefolk
Ånon

2018

Velkomne til Costa del Eidsbugarden.

Festivalområdet stod der til opprigg, så flatt og jamnt og deilig. Her skulle det byggast og bu, for tre fine dagar i fjellet. Lavvoar, skilt, scener og toalett reiste seg mot horisonten, og trass alle sveitte og tårer var det klart då festivalpublikummen strøymde inn  på Eidsbugarden torsdag 19. juli. 

Det vart ein fest, ende til annan. Med multisport, fjellturar, kajakkpadling og alt som er godt, vart festivalen notert inn i historia som vellukka. Sola stråla dette året også, og me rettar nok ein takk til vêrgudane som står oss bi. Sjeldan har me sett så mykje bar hud så høgt oppe i fjellheimen.

Og hei! Det store jubileumsåret vart feira så det stod etter. Namnefaderen Aasmund Olavsson Vinje vart feira med 200-årsjubileum, og Turistforeninga (som A.O.Vinje var med å stifte) feira 150. Dette tok spesielt Vinjefolk seg av, verdas mest dansbare bestillingsverk i kategorien party-folkemusikk. Det svinga, og det skal det gjere i 2019 også. 

Artistar

Ary
Bendik Brænne
Big Bang
Cezinando
Fay Wildhagen
Fieh
Highasakite
Hkeem
Hotell
Ila Auto
Kickslip
Lindstrøm
LÜT
Myra
Oh Mama Crew
Pasha 
Phillip Emilio
Raabygg
Silja Sol
Silvana Imam
Sløtface
Steam Dome
The Dogs
The Rebels
Trygve Skaug
Vinjefolk
Wet Dreams

2017

Me takkar vêrgudane atter ein gong.

Om fjorårets vergudar ikkje var av det trivelegaste slaget, var tilfellet den rake mosetninga i år. Fredagen lokka riktignok fram fjelljakkar og ullundertøy, men med knallblå himmel både torsdag og laurdag, kan ikkje Vinjerock-veret 2017 beskrivast som noko anna enn fantastisk. 

Og det same må me vel kunne seie om konsertane? Frå Kråkesølv åpna på torsdag, fram til Gundelach stod for laurdags-etterstevet, fekk publikum servert strålande musikkopplevingar frå artistar som ikkje kunne vere tydelege nok på kor kjekt det er å besøke Eidsbugarden.

Særleg var musikk-Noregs yngre garde, med deira energi og entusiasme, godt representert. Sigrid, Daniel Kvammen, Dagny, Gabrielle og Sondre Justad var nokre av namna som fenga Vinjerock-publikummet med sine kjente og kjære låter.

Enten du var ein dansar i lyngen under stillediscoen, ein bestigar av områdets natur, ein konkurrent i den utfordrande multisportkonkurransen eller ein som berre naut det generelle festivallivet utenom konsertane: Vinjerock takkar for besøket.

Artistar

Bendik 
Bombino
Dagny
Daniel Kvammen
FM Belfast
Gabrielle
Get Dancy
Gundelach
Gymmen
Hjerteslag
Hoetell
JOY
Kjartan Lauritzen
Kråkesølv
Mikhael Paskalev
Moddi
Moon Hooch
NO 4
Odd Nordstoga
Pos People
Sigrid
Sigrid Moldestad
Sivert Høyem
Sondre Justad
Sondre Lerche
Sudan Dudan
Sushi X Kobe
The Modern Times
9 Grader Nord

2016

Bursdag! Vinjerock feirar 10 år, og alle får kake. 

Som året før, forsvann billettane til Vinjerock 2016 på under ti sekund, nok ein gong så fort at me knapt rakk å blunke før det var «over».

Denne sumaren var det duka for skikkeleg bursdagsfeiring på Eidsbugarden, då festivalen fylte ti år. Andletet til Aasmund pryda den seks kvadratmeter (!) store bursdagskaka, som vart servert av frivillige, stabsmedlemmar og ordførarar i bunad under feiring laurdag. Sjølv om veret ikkje spelte heilt på lag, hadde mange møtt opp for kakefest og konsertar med Farao og Staut. 

Etterstevet (nachspiel) vart denne gongen arrangert utandørs, ved Vesle-Vinje, og det kokte på plassen frå start til slutt dei tre kveldane. Vinjerockarane er heilt råe på å lage god stemning! Artistar som Alo Wala, Bjørn Eidsvåg, Lars Vaular, Kvelertak og Aurora spelte seg gjennom heile det musikalske spekteret. Daniel Kvammen segla nok ein gong over menneskemengda, denne gongen til Fagernes Yacht Klubb sitt forrykande show på scena. Fleire regnskurer til tross, festivalen vart nok ein gong ei heilt fantastisk oppleving!

Artistar

Aasmunds diskobar
ALO WALA
Aurora
Baskery (Swe)
Bendik
Bjørn Eidsvåg
Death By Unga Bunga
Didrik Thulin
DJ Herkules
Fagernes Yacht Club
Farao
Frøkedal & Familien
Get Dancy & Didrik Thulin
Hedvig Mollestad Trio
Hoetell & DJ Herkules
Kakkmaddafakka
Kvelertak
Lars Vaular
Miss Tati
Morudes
Odde & Holmen
Razika
Spidergawd
Staut
Stein Torleif Bjella
Todd Terje & The Olsens
Vieux Farka Touré

2015

Året då festivalområdet måtte måkast for snø. 

Billettane til Vinjerock 2015 forsvann på under ti sekund, så fort at me knapt rakk å blunke før det var tomt! Ein sein og kald vinter/vår i fjellet hadde lagt att mykje snø på Eidsbugarden, men med litt hjelp frå varmegradar, håndmakt og maskinar vart det festival denne gongen også. 

For ein heftig festival det vart! Artistar som Susanne Sundfør, Lindstrøm, Miss Tati, The Dogs og Erlend Viken Trio spelte seg gjennom heile det muikalske spekteret, Daniel Kvammen surfa over menneskemengda og overraskingsbandet Karpe Diem fekk Eidsbugarden til å riste då heile festivalpublikummet hoppa i takt. Pluss så mykje, mykje meir! 

Artistar

Comet Kid
Daniel Kvammen
Emilie Nicholas
Erlend Ropstad
Erlend Viken Trio
Fay Wildhagen
Haldor Røyne
Highasakite
Hjerteslag
Honningbarna
Kathrine Fugllien
Kindred Fever
Lindstrøm
Miss Tati
Real Ones
Sondre Justad
Susanne Sundfør
Team Me
The Crooked Fiddle Band
The Dogs
Thomas Stenström
Tønes
Øystein Greni

2014

Herleg galskap. Sumaren kom, dette året også. 

Me har vorte bortskjemde med at billettane forsvinn fortare enn svint når dei legges ut for salg, men denne gongen tok det kaka - alle festivalpassa vart utseld på under eitt minutt! Det er jo galskap, herleg galskap!

Vinjerock 2014 starta med regn på torsdagen, men deretter titta sola fram og det vart sumar for alle penga attmed Bygdins bredd. Store namn som Timbukta & Damn!, Veronica Maggio, Datarock og Lemaitre dro i gong massane for alvor, men det var ikkje mindre god stemning å spore på dei andre konsertane! Det vart vått, varmt, heftig, svalt, tøft, morosamt og så utruleg mykje meir - Vinjerock 2014 føyar seg inn i rekka som ein vellukka festival i fjellheimen. 

Artistar

Billie Van
Comet Kid
Daniel Kvammen
Datarock
Farao
I'm from Barcelona
Ida Maria
Johndoe
Kaja Gunnufsen
Kalandra
Kvelertak
Lemaitre
Moddi
Monica Heldal
Niko Valkeapää
Odd Nordstoga
Pixel
Proviant Audio
Rumble in Rhodos
Snakka San & Sver
Sudan Dudan
Timbuktu & Damn!
Veronica Maggio
Vintage Trouble

2013

Tre minutt tok det før alle festivalpass var rivne bort. Tre minutt!

Og heile vinteren blei det jobba knallhardt for å levere varene til det trufaste publikummet vårt. Så kom dagen. Torsdag var det allereie mange telt og lavvoar å sjå på Eidsbugarden,og i løpet av kvelden var området fylt av glade Vinjerockarar. Regnet som draup var inga hindring, og når vinden tok tak og sleit i teltdukane var det deilig å vakne til strålande sol som varte helga ut. Aldri har vi vel hatt eit slikt sumarvêr på Vinjerock før, og vi naut det!

Jaga Jazzist, Odd Nordstoga & Ingebjørg Bratland, Two Door Cinema Club og Håkan Hellström var blant dei som skapte magi på scena og elleville jubelscener i publikum som verkeleg kosa seg i sumarvarmen. 2013 går rett inn i minneboka!

Artistar

Anja Elena Viken
Amund Maarud
Black Debbath
Big Bang & Valkyrien Allstars
Casa Murilo
Daniel Norgren (SE)
Death By Unga Bunga
Earlybird Stringband
Egil Olsen
Graveyard (SE)
Håkan Hellström (SE)
Honningbarna
Hvitmalt Gjerde
Ida Jenshus
Ine Hoem
I Was A King
Jaga Jazzist
«Heimafrå»: Odd & Ingebjørg
Razika
Räfven (SE)
Stein Torleif Bjella & Real Ones
Torgeir Waldemar
Two Door Cinema Club (UK)
Tako Lako (DK)

2012

Velkomne tilbake til fjells, Vinjerockarar. 

Etter eit pauseår var det godt å kunne ynskje Vinjerockarane velkomne tilbake til Eidsbugarden. Det tok vel tre timar frå billettane kom på marknaden til dei var rivne vekk, og at saknet etter fjellheimen og festivallivet var stort kunne vi kjapt konkludere med. 

Dum Dum Boys tok turen tilbake, Kaizers Orchestra entra scena og skapte skyhøg stemning i duskregnet, Bare Egil Band var like hysterisk morosamt som alltid, og band som Den Svenska Björnstammen og Fagernes Yacht Club skapte uforgløymeleg stemning. 2012 var eit herleg år!

Artistar

Ila Auto
Violet Road
Casa Murilo
Bob Hund (SE)
Snorri Helgason (ICL)
Ugle
Sudan Dudan
sweden
Tilbury (ICL)
El Cuero
Rumble in Rhodos
Bare Egil Band
Kaizers Orchestra
Den Svenska Björnstamme (SE)
Hekla Stålstrenga
Jonas Alaska
Sondre Lerche
Cazadores
Agent Fresco (ICL)
Maya Vik
Staut
Montée
Dumdum Boys
Fagernes Yacht Klubb 

2011

Krafsefestivalen. Festivalområdet blir rusta opp for å tole framtidas rockefestivalar. 

Krafsefestivalen 2011 sørgja for endå betre vilkår for Vinjerock 2012. Drenering, vardebygging, utbetring av stigar og bruer og planering av festivalområdet skal vonleg sørgja for ei betre oppleving for festivalpublikummet vårt. Nærmare 70 eldsjeler deltok i arbeidet på Eidsbugarden, som vart sett i gong takka vere tilskot frå Sparebankstiftelsen DnB. Eldsjelane vart take godt i vare av vertinna på DNT Fondsbu, Solbjørg Kvålshaugen, som husa oss mellom slaga, og ikkje minst til det sosiale samværet på kveldene. 

Artistar

Staut
Ila Auto
Thom Hell
Mhoo

2010

Nok eit høgdepunkt.

Med utseld festival allereie i april er det tydeleg at populariteten aukar. Totalt 9 700 besøkande tok turen dette året, og det overraska oss stort at billettane vart rivne bort så fort. Festivalpublikummet kunne dette året nyta liflege tonar frå artistar som Gåte, Sivert Høyem, Ralph Myerz & the Jack Herren Band, Skambankt og Ingrid Olava. Høgdepunktet for mange var nok likevel det lokale Valdresbandet Staut som skapte ei uforgløymeleg stemning framfor scena.

Artistar

Mhoo
Casiokids
Navigators
Marjit Vinjerui
Howl
The New Wine
Skambankt
Sivert Høyem
Ila Auto
Raga Rockers
Los Horribles
St. Helen
Hjálmar (ICL)
Ingrid Olava
Staut
Thomas Dybdahl
Johnossi (SE)
Ralph Myerz & TJHB
Ogobor
Gåte
Tørstad & Co

2009

Utseld! For fyrste gong i soga. 

Vinjerock 2009 var eit år prega av mykje folk og høg stemning. Festivalen gjekk frå 30. juli til 1. august, og var for fyrste gong utseld. Det skjedde eit par veker i forvegen, og når 200 ekstrabillettar vart lagt ut ei veke før festivalen, forsvann dei på under 60 sekund. Blant artistane dette året var Bigbang, Bo Kaspers Orkester og CC Cowboys. Den gode innsatsen bak kulissane held fram dette året også, og på lag med dei 8 800 publikummarane som dukka opp dette året la festivalen eit godt grunnlag for framtida ved å sikre eit nytt overskot som gjorde til at gjelda kunne nedbetalast.

Artistar

Petter Carlsen
El Cuero
Valkyrien Allstars
Harrys Gym
Little Hands of Asphalt
Marit Larsen
Tommy Tokyo
CC Cowboys
Gaute Lein Ausrød
Tyyl!
Scott Malcolmson (CAN)
Ingeborg Selnes
SKAM
Stein Torleif Bjella
The Gamasamas
Jaqueline
Hjaltalín (ICL)
Bo Kaspers Orkester (SE)
Bergen Mandolinband
Bigbang
Team Gløstøs

2008

Skjebneåret. 

Vinjerock 2008 var internt prega av å vera eit skjebneår. Ein måtte lykkast økonomisk dette året for å overleve, og det vart lagt ned ein enorm innsats bak kulissane for å nå dette målet. Festivalen gjekk dette året frå 31. juli til 2. august, med artistar som Madrugada, Kaizers Orchestra og Animal Alpha på scena. 6 300 publikummarar tok vegen til fjells dette året, og var med på legge grunnlaget for eit overskot som gjorde til at ein kunne nedbetale gjeld - noko som sjølvsagt var ein enorm lettelse for alle som hadde lagt ned liv og sjel i å sikre festivalen.

Artistar

Ugler i Mosen
Alyn
Girls (CH)
Thom Hell
Animal Alpha
Kaizers Orchestra
Katzenjammer
Siluet (BG)
Jimmy Bowskill (CAN)
Strandingarna
Valkyrien Allstars
The Snuff Grinders
Madrugada
Karl Seglem

2007

Ekstra dag, ny scene og ein redningsaksjon. 

Vinjerock 2007 utvida med ein dag, og gjekk frå 2.-4. august. Denne gongen med blant andre Bigbang, Sivert Høyem og Blood, Sweat & Tears frå USA på scena. Festivalen utvida også med ei ekstra scene dette året. I motsetning til året før var det derimot forholdsvis dårleg vêr under mykje av festivalen, utan at stemninga vart nemneverdig dårlegare av den grunn. Totalt 5 500 publikummarar besøkte den andre utgåva av Vinjerock. Festivalen gjekk dette året med stort underskot, og det var ei periode tvil om korvidt ein kunne gå vidare med prosjektet. Men ein enorm redningsinnsats, der initiativtakarane sett alt på spel, sikra festivalen sin eksistens.

Artistar

Sivert Høyem
Bigbang
Blood, Sweat & Tears (US)
Johndoe
Kristin Asbjørnsen
Adjágas
Yoyoyo Acapulco
The Cheaters
Nickels & Dimes
Girl Happy
Fatal Impact
Halfdan Gimle
Ross Reaver (US)
Nitrokit
Catastrophes
AshTrash
Hot Organ

2006

Då idèen vart til røynd. 

Vinjerock 2006 gjekk over to dagar, 4. og 5. august, med artistar som Dumdum Boys og Thomas Dybdahl på scena. Totalt var 3 500 publikummarar innom den fyrste festivalen, som var prega av eit strålande vêr det ikkje har vore maken til i fjellheimen på mange år. 

Artistar

Dumdum Boys
Minor Majority
Heroes & Zeros
Ogobor
Sullivan
Off the cuff
Thomas Dybdahl
The Blackbirds
Brut Boogaloo
Silverstreet
Marthe Valle
Roenik (SE)
Eirik Bergene Band
Kneip Conspiracy
Raven Black
Ken Hensley (UK)