Me prøver så godt det let seg gjere å vera ein festival for alle. Rop ut om du har forslag til korleis me kan bli betre! Har du nokre spørsmål kan du ta kontakt med oss på post@vinjerock.no.

Sist oppdatert 10. april 2024

Følgepersonbevis (ledsagerbevis)

Alle som har følgepersonbevis, kan få med seg eit følge på festivalen. Følgepersonen må akkrediterast på førehand, og hentar armbandet til festivalen i infoteltet ved inngangen til festivalområdet. Personen med følgepersonbevis må vera med når ledsageren hentar armbandet sitt. Link til akkrediteringsskjema ligg under.

Trykk her for å registrere følgeperson 

Transport og parkering

Me oppmodar alle som kan om å parkere på festivalparkeringa ved Tyin og ta skyttelbuss inn til festivalområdet på Eidsbugarden. Frå der bussen stoppar er det rundt 100 meter til HC-campen, på grusveg. Frå HC-camp til inngangen til festivalområdet er det rundt 150 meter på grusveg.

Det finst HC-parkering på Eidsbugarden, og om du ynskjer plass her kan du ta kontakt med vår transportsjef Håkon på epost: hakon@vinjerock.no

HC-camp

Festivalcampen er stort sett i ulendt terreng med stein, stigar og briskekratt. Difor har Vinjerock reservert eit eige område til HC-camp, den einaste flate gressplena på Eidsbugarden som har enkel tilkomst frå vegen. Området ligg mellom Fondsbu og Eidsbugarden Hotell, og er merka med skilt. 

HC-toalett

Vinjerock nyttar portable festivaltoalett frå Hibas, og syt for at HC-toaletter finnes både inne på festivalområdet og på HC-campen.

HC-rampe

På festivalområdet finn du HC-rampe med trinnfri adgang og utsikt til begge hovudscenene. På rampa er det sittebenk for ledsager og moglegheit for å ta med ein ven eller to. 

Trinnfri tilkomst

Alle servicepunkt på festivalområdet har trinnfri tilkomst.

Teleslynge og tolketeneste 

Me har diverre ikkje teleslynge og tolketeneste tilgjengeleg på Vinjerock.

Allergiar og matmerking

Vinjerock har eit rikt mattilbod, og menyen vert kvart år lagt ut på heimesida vår. Menyen vert allergimerka både på nett og oppe på festivalen. Sjå mattilbodet her. 

Vere frivillig? 

Du er sjølvsagt velkomen som frivillig på Vinjerock, og kan nytte søknadsskjema som alle andre. Ta gjerne kontakt med frivillisjef Torgeir Molvær på e-post: frivillig@vinjerock.no om du har spørsmål kring det å vera frivillig.

Delta på aktivitetar?

Me ønskjer at flest mogeleg kan delta på dei ulike aktivitetene me har til fjells. Er det noko du ønskjer å delta på men treng litt tilrettelegging? Ta kontakt med aktivitetssjef Jenny på e-post: jenny.daling@vinjerock.no.

 

 

Vinjerock har Tilgjengelegheitsmerket frå Norske Kulturarrangørar.

Tilgjengelighetsmerket er ei sertifisering for kulturarrangørar som har god tilgjengeligheit for menneske med nedsett funksjonsevne på sine arrangement. 

Me tek gjerne imot tips og triks til korleis me kan bli betre!