Menyen for 2024 er klar, her er alt du kan få i kjeften! 

Sist oppdatert 16. juli 2024

Her får du oversikt over kva mat som vert seld under festivalen. For oss i Vinjerock er det viktig at minst mogleg mat vert kasta. Difor kan det hende du ikke vil finne alle rettane frå menyen til ein kvar tid. Er du usikker, vil tavlene som heng oppe over disken fortelje deg kva me sel akkurat når du er innom. Spør oss elles om alt du måtte lure på! 

 

PotetBue

Opningstider:

  • Torsdag klokka 14:00-02:30, fredag og laurdag klokka 11:00-02.30

Bakte potet                                                                                                               

Bakt småpotet frå Lærdal med ost, skinke frå Solemsli, mais og heimelaga kryddersmør frå Tyin.
Glutenfri (melk, sulfitt)

Bakte potet vegetar

Kjøtet kan bytast ut med steikt soppblanding.Glutenfri (melk, sulfitt, soya)

 

Grillen e Heit 

Opningstider:

  • Torsdag klokka 14:00-02:30, fredag og laurdag klokka 11:00-02.30

Tyingrill m/ ValdresOst                                                                            
Ei grillpølse frå Tyinlam stappfull av ost frå ValdresOst i lefse frå Valdres Bakst. Med Vinjerockblandings: Rømme og tyttebær, eller hjemmelaga zatziki. (Gluten, melk, sulfitt)

Burgar av lokalt kjøt                                                                            
Servert med solbærsylta lauk, salat og Vinjerockblandings i ein spesiallaga burgarbolle frå bakeriet på Gol. Kjøtet er frå Solemsli i Vang. (Gluten, melk, sulfitt) 

Kan serverast med glutenfritt burgerbrød.

Villfiskburgar                                                                                                  
Burgaren blir servert med heimelaga kålsalat i ein spesiallaga burgarbolle frå bakeriet på Gol. Villfisk frå Villfisken (Gluten, melk, fisk, sennep, egg)

Kan serverast med glutenfritt burgerbrød.

Plantebasert burgar                                                                               
Vegetarburgar servert med sylta lauk, salat og Vinjerockblandings i ein spesiallaga burgarbolle frå bakeriet på Gol. (Gluten, melk, soya, sulfitt)

Kan serverast med glutenfritt burgerbrød 

Steik! osteburger
Steik! ost frå Sygarden i Hålien.
Servert med vårlauk, heimelaga Chillimajo og tomatsalsa produsert på Tyin i ein spesiallaga burgarbolle frå bakeriet på Gol. (Gluten, sennep, egg, sulfitt)

Kan serverast med glutenfritt burgerbrød

 

Babberi 

Opningstider

  • Torsdag-laurdag klokka 20:00-02:30.

Lambabb
Kjøt frå Tyinlam servert i lefse frå Valdres Bakst med bakte grønnsaker og Vinjerockblandings. (Gluten, melk, selleri, sulfitt)

VeggisBabb
Bakte grønsaker, sopp og Vinjerockblandings servert i lefse frå Valdres Bakst. (Gluten, melk) 






Oppskrift på Vinjerock-burgeren
Burger
Burger med Vinjerockblandings og ølsylta raudlauk

Vinjerockblandings til fire porsjonar:

2 dl rømme
1,5 dl tyttebærsyltetøy

Framgangsmåte:
1. Bland saman rømme og tyttebærsyltetøy
2. Om ynskjeleg, smak til med litt salt og pepar


Ølsylta raudlauk til fire porsjonar:

2 stk raudlauk
0,5 dl solbærsaft (konsentrat)
0,5 dl vatn
1 dl øl (gjerne lager eller noko med litt trøkk)
2 ss sirup
2 ss balsamicoeddik
ei klype salt og pepper etter smak

Framgangsmåte:

1. Kutt raudlauken i «halvmåneskiver»
2. Kok opp solbærsaft, vatn, øl, sirup og balsamico
3. Legg i laukskivene, smak til med salt og pepper, trekk kasserolla av plata og lat lauken stå og trekke til den er avkjølt.

Burgarane blir best med kjøttdeig frå ein lokal leverandør. Sjekk REKO-ringen på din heimstad for å sjå kva du kan få tak i. Vinjerock brukar Smådalskjøt frå Vang og Vestlandsk Storfe frå Vang. 

Legg til det du ynskjer av salat og grønnsaker, kjøp eller bak brød (me anbefalar Valdres bakeriet). Nyt!