Er du lysten på eventyrstund att?
Også i år kan du kome høyre eventyr du neppe høyrte då du vaks opp. Dei erotiske eventyra har eit frodig språk og ei handling lite eigna for sarte vaksne. Alle skikkeleg gamle eventyr vart overlevert frå munn til munn i uminnelege tider før dei vart skrive ned for snart 200 år sidan. Men dei erotiske eventyra vart sensurert i mange år før dei fekk kome fram att i lyset.
Marianne frå Vang folkebibliotek inviterer nok ein gong til høgtlesing av erotiske folkeeventyr i storteltet på Vinjerock torsdag kl. 15.
Blir dette Vinjerock sitt svar på pute-tv?