Budeiene - desse døtrer av naturen som passa på både dyr og folk i fjellet, som mjølka, produserte mat og gjorde alt det andre arbeidet som måtte til. Mang ein fjellvandrar har fått mat og seng hjå budeier, budeiene fekk folk til fjells! Dei var og er sjølvstendige og sjølvhjelpne, og mange stølar var kvinnestyrte landbyar i fjellet. Barn som hadde stølsnaturen som tumleplass vart glade i friluftsliv.
I Valdres fins det framleis mange aktive stølsbruk (setrer), og Inger Marie Vingdal frå Valdres har no dokumentert historia i boka "Budeiene - døtrer av naturen"
Kom og hør Inger Marie fortelje om boka si og budeienes plass i Norsk historie!
Stad: Parkscena
Tid: Torsdag, 14:15