Litteratur & foredrag

Med god hjelp frå blant andre Valdresbiblioteka har Vinjerock dei siste åra også kunne tilby litterære gleder på festivalområdet. I 2010 tok vi det heile eit steg vidare, og hadde forfattarar på vitjing - med Vinjebue og Parkscena som base for høgtlesing og god gamaldags bok-kos. Ingenting høver betre med Vinjes gamle eldorado som base, og litteratur- og foredragsprogrammet på Vinjerock vil vera under kontinuerleg vidareutvikling dei komande åra.

Litteraturprogram

Her kan du briljere med kunnskapane dine, drikke øl og diskutere med dei fire andre du får ha med på laget. Og har du ikkje vore på quiz med Mia og DJ Mellombels tidligare, kan du vente deg både finurleg kunnskap og fantastisk humor.

Maks 5 personar per lag. Quizen finner stad på Vesle-vinje.

Annelie Pompe er ein aktiv fjellklatrar og fridykkar. Eventyraren fra Gøteborg er den kvinna i  verda som har vore både høgst og djupast for eiga maskin, og har blant anna bestege "Seven Summits" - det høgaste fjellet på kvart kontinent. I år går turen til Vinjerock der ho skal snakke om blant anna bærekraft, turar til eksotiske stader og dele nokre av sine favorittstader i Sverige.

Kvar: Parkscena

Musikkjournalist, krimkritikar og entusiastisk kulturkonsument Asbjørn Slettemark tar i år turen til fjells for å prate med gode gjester om populærkultur og natur. Fyrst ut i Slettemark-triologien er ei samtale med Lars Lenth on litteratur i naturen. 

Lars Lenth: Forfattar, musikar og ikkje minst fluefisker. Har dei siste åra tatt for seg både oppdrettsnæring og ulvedebatten i krimbøkene «Vega» og «Menn Som Hater Ulver». Har fiska mykje på tv med Bård Tufte Johansen (På fisketur med Bård og Lars) og med Lars Nilssen ( Lars og Lars).   

Kvar: Parkscena

Noverande og framtidige vangsgjeldingar varmar opp til fyrste konsert under Vinjerock med uformell samling ved Vinjestøga

- Vi stiller med kaffi, kake, tretti jobbar på marknaden og svarer på smått og stort om livet i Vang, fortel Innovangsjonsminister Hallgrim Rogn.

Innovangsjon jobbar året rundt for at Vang, heimkommunen til Vinjerock, skal vera ein attraktiv plass å bu på alle måtar. Akkurat no er det altså tretti jobbar på marknaden i Vang.

- Mange er framleis av den oppfatninga at det ikkje er jobb å få i fjellbygdene og let det bli med draumen om det livet dei eigentleg ynskjer å leva. I Vang er det lett å lukkast, og mange av dei som er innom Vinjestøga denne timen har tatt steget frå bylivet til bygdelivet dei siste åra og delar meir enn gjerne av sine erfaringar, fortel Rogn.


Bodil Gilje vil snakka om korleis desse tinga kan lenkast opp til viktige ting som helsa di og opplevinga av lukke i livet. Følg ein liten, intim prat mellom Bodil og venninnene Kristine Englund og Maria Yang. 

Bodil

Bodil er ein nyfrelst friluftsamatør som delar sine dyrkjøpte erfaringar som @bodildall på Instagram. I januar i år vart hokrona med tittelen «Årets Turjente 2017» av nettstaden Turjenter.no. For Bodil handlar friluftslivet om å vera ute og meistre enkle oppgåver som å finne leirplass, lage bål og vera aleine i mørkret.

Ho har aldri noko mål om å gå lengst, høgast eller raskast. Målet er som oftast å sitje ved eit bål og sjå på stjernehimmelen om kvelden eller drikke kokekaffi og ete lefser i soveposen. Og dette gjer Bodil så ofte ho kan.

Kvar: Vinjebue

Tune inn på internettradioen VinjeFM på vinjerock.no. Eller endå bedre, kom til turinformasjonen og bli med på moroa live - det blir artistar, konkurrasnar og smude tonar i lyngen! 

Fjellet og Fay Wildhagen var en glitrande kombinasjon då ho spelte på Vinjerock i 2015. No kjem ho attende! Før konserten fredag kveld kan du høyre Fay og far hennar, Johan prate om musikk, natur og friluftsliv. Johan Wildhagen er fotograf, filmskapar og initiativtakar til Jotunheimen Haute Route. Johan har tatt bileta på Fays debutalbum «Snow».

Musikkjournalist, krimkritikar og entusiastisk kulturkonsument Asbjørn Slettemark tar i år turen til fjells for å prate med gode gjester om populærkultur og natur. Slettemark vil i løpet av tre samtalar på Parkscena ta for seg litteratur med Lars Lenth, musikk med Fay og far hennar, Johan Wildhagen, og film med Kristopher Schau.   

 Kvar: Parkscena

Silent Disco! Oh!Mama crew speler plater og beats ved Discoteltet bak Turinformasjonen. Syng med til tonar berre du (og dei andre med hovudtelefonar på) kan høyre. Vrikk på kroppsdelar du ikkje visste du hadde, og nyt den herlege fridomen av å danse i lyngen. Me dansast!

Kristopher Schau og Asbjørn Slettemark har tidlegare gått i djupna på ymse populærkultur i podcasten «Kompasset». Før Schau går på scena fredag med bandet The Dogs vil han og Asbjørn prate om det beste og det verste frå naturen si side i filmar.

Musikkjournalist, krimkritikar og entusiastisk kulturkonsument Asbjørn Slettemark tar i år turen til fjells for å prate med gode gjester om populærkultur og natur. Slettemark vil i løpet av tre samtalar på Parkscena ta for seg litteratur med Lars Lenth, musikk med Fay og far hennar, Johan Wildhagen, og film med Kristopher Schau.   

Kvar: Parkscena

Trygve Skaug er poet, låtskrivar og vokalist. Han har sidan 2013 gitt ut fire diktsamlingar, og i  tillegg har han ein svært aktiv Instagram-konto med 57 000 følgjarar der han delar små og store, fine og intime dikt. Fredagen under Vinjerock inntek han Vinjebue for ei nær og spesiell høgtlesing.

Kvar: Vinjebue

Aasmund Olavsson Vinje, vår inspirasjon og namnefader feirast med 200 år på Vinjerock 2018. Solbjørg frå Fondsbu les frå Vinje-tekstar og fortel historiane om rebellen, journalisten og eventyraren Aasmund Olavsson Vinje. 

Denne uvanleg gløgge husmanssonen frå Vinje i Telemark trakka opp stiar folk ikkje hadde gått før han. Både i forfattarskapet, det journalistiske arbeidet og i fjellet sette han spor. Blant anna var han med å starte Den norske turistforeninga, som også fyller 150 år i år. 

Bli med på ei stemningsfull forteljing og eventyrstund i Vinjebua med Solbjørg, den beste forteljaren me har tilgang på i Jotunheimen. 

Kvar: Vinjebue

I Vinjefolk Mini står Sarah-Jane Summers (fele/hardingfele/bratsj), Juhani Silvola (gitar) og Hans Martin Austestad (banjo/song) for musikken. Dei har alle turnert land og strand og spela for born med den kulturelle skulesekken i ulike prosjekt. Her kan du oppleva gild musikk, men også musikk som er litt skummel. Plutseleg, uten at du veit det, befinn du deg i ei drømmeverd. Var det musikken som tok deg med dit?

Sarah-Jane er fra Skottland, og fortel historiar og spelar musikk derfrå. Hans Martin er norsk, og syng artige låtar med banjo. Saman med finske Juhani skal dei spele ein konsert som inneheld både gamal og heilt ny musikk. Trioen er ein del av Vinjefolk, som spelar på hovedscena Laurdagskveld

Frå klokka 10 kan ungane vere med å lage sine eigne miljøhandlenett saman med Natur og Ungdom. Bli med å herje på Parkscena! 

KVAR: Parkscecna

Ellen Emmerentze Jervell (f. 1990) sin eigen fascinasjon for den norske fjellheimen og oppdaginga av kva den betyr som mytologisk storleik for folket i byen, dreiv henne til å skrive debutromanen Fjellfolk.

Boka har fått brei mottaking; bokmeldarane har blant anna rost språket hennar og korleis ho skildrar einsame menneskes draum om fjellet som tilfluktsplass når livet elles kjennest for krevjande. "Jervells roman «Fjellfolk» er ein interessant og smart roman om menneske som har sine heilt spesifikke grunnar til å vere ulykkelege." Marta Norheim, NRK. 

Kvar: Vinjebue

Landet vi bur i tilbyr ein fantastisk natur i skogen, fjella, kysten og vassdraga. Desse gjer oss ikkje berre uvurderlige natur- og friluftsopplevingar, men også energi, mat og arbeid. Å ta vare på dette er avgjerande for at det skal gå an å leve i heile landet. Samtidig ser vi at desse er under eit stadig større press i møte med auka kommersialisering, forureining, privatisering og turisme. 

Natur og Ungdom fortel om status i fiskeriet, jordbruket, fjordane og skogane vi ferdast i, og kva som skal til for at nytt oss av naturarva utan å øydelegge ho?

Kvar: Parkscena

Tune inn på internettradioen VinjeFM på vinjerock.no. Eller endå bedre, kom til turinformasjonen og bli med på moroa live - det blir artistar, konkurrasnar og smude tonar i lyngen! 

Lindis Hurum er feltarbeidar i Leger Uten Grenser, kor ho i over ti år har vore ein sentral prosjektleiar i akutte katastrofar og gløymde kriser. 

Ho har ein master i Disaster Management frå Universitetet i København, og vart i 2014 kåra til årets mest modige kvinne av magasinet Tara, og i 2015 til Årets eldsjel av magasinet KK. 

  I 2016 gav ho ut boka "Det finnes ingen de andre, det er bare oss" (Cappelen Damm), basert på personlege dagboksnotat. Boka kjem i pocketutgåve hausten 2018, og ein del av inntektene frå boksalet går til Leger Uten Grenser.

  Vinjerock sin samarbeidspartner NorgesGruppen har støtta Leger Uten Grenser som deira humanitære hovudsamarbeidspartner sidan 2007. 

Kvar: Parkscena

Gjør ekstra stas på multisportdeltakerne og klapp dem i mål. Det blir servering av kaffe og lapper, og Høre Mannskor bidrar med drikkeviser!

Kvar: Festivalområdet

Å vere på langtur handlar fyrst og fremst om å ta seg god tid, det treng verken vere vanskeleg eller dyrt. Frå ein kvardag prega av høgt forbruk, konkurranse og prestisje, er langtur eit avbrekk der ein kun har med seg det mest naudsyne og sjølv styrer sin eigen kvardag. Forteljinga startar frå byrjinga då eg fann ut at eg kunne dra på tur aleine, til korleis det er å vere på tur fleire veker i strekk.

Eg vil fortelje om ein sju vekers kanotur over Nordkalotten saman med Ingvild Breistein Svarstad og ein månads lang sykkeltur i februar, frå døre heime i Trondheim til Baltikum. Sykkelturen hadde aldri vore den same utan dei gode hjelparane eg traff på vegen.

Det skriv Else Bull Jenssen, kjent frå NRK-serien Eventyrjenter. Ho fortel frå sine reiser i Vinjebue tordsag. 

KVAR: Vinjebue

 



Silent Disco! Oh!Mama crew speler plater og beats ved Discoteltet bak Turinformasjonen. Syng med til tonar berre du (og dei andre med hovudtelefonar på) kan høyre. Vrikk på kroppsdelar du ikkje visste du hadde, og nyt den herlege fridomen av å danse i lyngen. Me dansast!

KVAR: Discoteltet bak Turinformasjonen