Vinjepride

fredag 17.07 kl. 11:30
54669066664 A8b02da791 O

Vinjepride

Bli med på den mest fargerike turen denne sommaren. Me feirer kjærleik og mangfald i fjellet med regnbogetur til Reinsdyret ovanfor Eidsbugarden 

Årets appellant er Vilje Juvskås. Ho har vore ei sterk drivkraft for Bygdepride i Vest-Telemark, og har løfta fram skeiv synlegheit, mot og fellesskap i fleire bygder. 

Tara SLAMpoet vil med si slampoesi vekke både kjensler og engasjement gjennom tekstane sombåde rører, utfordrar og opnar rom. 

Sliteneliten avsluttar programmet oppe ved reinen med akustisk konsert, før me vandrar tilbake til festivalområdet og avsluttar turen med «skakkbar» i Solbaren kl 13:00. 

Me oppfordrer alle fine festivalmenneske om å bli med oss på Vinjepride. Turen er for deg - uansett om du er skeiv, undrande, støttande eller berre nysgjerrig og glad i litt ekstra støy. 

Gradering: Grøn (sjølvsagt!)

Plassar: Det er plass til alle 

Pris: Gratis

Tidspunkt: 

  • Fredag 11:30-13:00

Utstyr: 

  • Sitteunderlag
  • Nistepakke 

Oppmøte: Ein halvtime før, om du vil pynte deg med glitter og regnbogestas, Over vegen frå turinformasjonen, skilt med Møteplass.

Alle er hjarteleg velkommen og det kostar ingenting å vere med.

Me sjåast!

Gradering av turar

Grøn (Enkel): Dette er stort sett korte og enkle turar som passar for alle, utan krav til spesielle ferdigheter eller utstyr. 

Blå (Midddels): Dette er turar som passer for deg som har grunnleggjande turferdigheter og er i normal fysisk form.

Raud (Krevande): Turar merka med raudt passer for erfarne turgåere, med god utholdenhet. Turane krev ofte gode tursko og bekledning. 

Svart (Ekstra krevande): Dette er turar som passar for erfarne fjellfolk, med god fysikk, styrke og utholdenhet. Gode tursko og bekledning trengs på desse turane. På desse turane vil me stille med nødvendig utstyr som stegjern, tau og sele etc. 

Merk at uforutsette hendingar som er utanfor Vinjerocks kontroll ikkje gjev krav på refusjon for allereie betalte aktivitetar.