Vegetarmat på tur

Turmatkurs 2017 Bendik Hassel 4

Vegetarmatkurs

Miljøvettregel #4 seier: Et grønt! På dette matkurset får du ei fin innføring i korleis ein lager god vegetarmat på tur. Mat er alltid ein viktig sukessfaktorer på tur og kanskje det som krydrar turen og gjer den vellykka. Me lager ein god rett saman, og gjev litt tips og triks til mat ein kan ta med og måltider ein kan lage på tur med ein primus. Høg kosefaktor!

Ting vegetarmatkurs

Gradering: Grøn

Antal plassar: 12

Pris: 400,-

Tidspunkt:

  • torsdag: 15:00-17:30
  • fredag: 12:00-14:30
  • laurdag: 11:00-13:30

Utstyr:

  • klede etter vêr
  • sitteunderlag
  • drikke (vatn, termos med kaffe etc)
  • tallerken og bestikk

Oppmøte: Over vegen frå turinformasjonen, skilt med "Møteplass"  ti minutt før avgang.

Kursa er i regi av DNT ung

Gradering av turar

Grøn (Enkel): Dette er stort sett korte og enkle turar som passar for alle, utan krav til spesielle ferdigheter eller utstyr. 

Blå (Midddels): Dette er turar som passer for deg som har grunnleggjande turferdigheter og er i normal fysisk form.

Raud (Krevande): Turar merka med raudt passer for erfarne turgåere, med god utholdenhet. Turane krev ofte gode tursko og bekledning. 

Svart (Ekstra krevande): Dette er turar som passar for erfarne fjellfolk, med god fysikk, styrke og utholdenhet. Gode tursko og bekledning trengs på desse turane. På desse turane vil me stille med nødvendig utstyr som stegjern, tau og sele etc. 

Merk at uforutsette hendingar som er utanfor Vinjerocks kontroll ikkje gjev krav på refusjon for allereie betalte aktivitetar.