Uranostind

Uranostind 2018

Uranostind (2157 moh.)

Var det nokon som sa vakraste tinden i heile Jotunheimen? Vel, no kan du avgjere sjølv kva du tykkjer, for saman med lokale fjellførarar vert det fem turar til Uranostind under årets Vinjerock.

Vi lovar storslagen natur, brevandring, og om været speler på lag - ei utsikt frå toppen du seint vil gløyme.

Ting Uranostind

Gradering: Raud

Plassar: 14 per tur 

Pris: 1500,-

Tidspunkt:

  • Torsdag 07:00 - 16:30
  • Torsdag 09:00 - 18:00
  • Fredag 07:00 - 16:30
  • Laurdag 07:45 - 17:15

Utstyr:

  • Fjellstøvlar
  • Turklede
  • Mat og drikke

Viktig å ha gode fjellsko som går over ankelen og har stiv sole. Dette for best mogeleg sikkerheit. Elles, stiller vi med alt naudsynt bre- og sikringsutstyr.

Oppmøte: Den store parkeringsplassen ved Fondsbu, det er felles avreise frå festivalområdet og inn i Koldedalen med bil.

Turane er i regi av Tyin Aktiv

 

Gradering av turar

Grøn (Enkel): Dette er stort sett korte og enkle turar som passar for alle, utan krav til spesielle ferdigheter eller utstyr. 

Blå (Midddels): Dette er turar som passer for deg som har grunnleggjande turferdigheter og er i normal fysisk form.

Raud (Krevande): Turar merka med raudt passer for erfarne turgåere, med god utholdenhet. Turane krev ofte gode tursko og bekledning. 

Svart (Ekstra krevande): Dette er turar som passar for erfarne fjellfolk, med god fysikk, styrke og utholdenhet. Gode tursko og bekledning trengs på desse turane. På desse turane vil me stille med nødvendig utstyr som stegjern, tau og sele etc. 

Merk at uforutsette hendingar som er utanfor Vinjerocks kontroll ikkje gjev krav på refusjon for allereie betalte aktivitetar.