Snøggtur i lyngen for streite

fredag 19.07 kl. 10.30
Snøggtur I Lyngen Streit

Singel og glad i fjell og festival? Då hadde vel ingenting vore betre enn å finne kjærleiken på fjellet under Vinjerock? Me ønskjer å sjå flørt i fjellet og håpar det vil oppstå søt musikk når me tek den gode stemninga på singelturene! Bli med oss å finn kjærleiken medan to turleiarar visar veg og inspirerar til god stemning.

DNT ung inviterar til lavterskel snøggprat i lyngen ved enden av Vinjepride-toget. Tidspunkt vil med andre ord kome an på når toget og opplegget er ferdig. Me møtast ved Reinsdyret; der vil de sjå DNT ung turleiarane som tek dykk vidare. Kanskje du får deg ein ny venn? Eller møtar din framtidige utkåra? Kjærleik er for alle! Velkomne skal de vere. 

Ting snøggtur i lyngen for streite

Gradering: grøn (sjølvsagt!)

Antal plassar: 30

Pris: 150,-

Tidspunkt:

  • fredag: etter Vinjepride

Utstyr:

  • Grøn hue
  • Glimt i auget
  • Tursnack til deling

Oppmøte: Dette skjer rett etter Vinjepride, så oppmøte blir ved Reinsdyret.

Gradering av turar

Grøn (Enkel): Dette er stort sett korte og enkle turar som passar for alle, utan krav til spesielle ferdigheter eller utstyr. 

Blå (Midddels): Dette er turar som passer for deg som har grunnleggjande turferdigheter og er i normal fysisk form.

Raud (Krevande): Turar merka med raudt passer for erfarne turgåere, med god utholdenhet. Turane krev ofte gode tursko og bekledning. 

Svart (Ekstra krevande): Dette er turar som passar for erfarne fjellfolk, med god fysikk, styrke og utholdenhet. Gode tursko og bekledning trengs på desse turane. På desse turane vil me stille med nødvendig utstyr som stegjern, tau og sele etc. 

Merk at uforutsette hendingar som er utanfor Vinjerocks kontroll ikkje gjev krav på refusjon for allereie betalte aktivitetar. 

Frisk gjerne opp på fjellsjekkereglene før turen

  1. Legg gjerne ut på sjekking på fjellet utan trening. Øving gjer meister!
  2. Meld frå kvar du går, slik at ein kan møtast igjen.
  3. Vis respekt for andre si farge på hua. Grønn hue tyder ledig, rau hue tyder oppteken og oransje tyder at ein kanskje er opa for kontakt.
  4. Bli vêrfast – og få ein ekstra dag til å finne din utvalte.
  5. Ta alltid med rikeleg tursnacks som kan delast. Vegen til hjartet går ofte gjennom magen.
  6. Lytt til erfarne fjellsjekkarar.
  7. Hugs kart og kompass, slik at du kan spørje om hjelp til å bruke det.
  8. Ikkje gå ålene, spør om de skal slå følgje.
  9. Vend i tide, det er ingen skam å springe etter for å spør om telefonnummeret.
  10. Ikkje spar på smila og le av dårlege vitsar om nøysamt.