Reparasjonsstove med DNT

Reperasjonsverkstad med DNT Ung

Reparasjonsstove med DNT

Rakna buksa i eit hallingkast, eller laga rulling i lyngen hol i favoritt dunisen? Ser at skoene dine hadde trengt en skopuss eller må få lappet teltet ditt Frykt ikkje - DNT ung hjelper deg i knipa! Dei tek med lappesaker, reparasjonsutstyr som nål og tråd, skopuss, nye glidelåsar etc. Me er på fjellet, så symaskin og profesjonelle syerskar finn ein ikkje. Men dei har kompetente frivillige som står klar for å hjelpe og veilede deg. Saman løyser me problema, og gjev turkleda og utstyret ditt eit lengre liv!

Kanskje du og tek med deg eit triks til neste gong du er på tur, så du kan hjelpe noko andre som er i "hol i buksa"- knipa. 

Du finn dei inne i storteltet på festivalområdet. 

Reperasjonsstova er open: 

  • Torsdag 14:00-17:00 
  • Fredag 10:00-17:00
  • Laurdag 10:00-17:00

Å reparere i staden for å kjøpe nytt er bra for både lommeboka og miljøet. Det likar me godt her på Vinjerock.